Noreg framleis paa digitaliserings toppen i Europa
 DIGITALISERING: Kommunal- og modernisering etterlyser fleire norske IKT-spesialistar.
Nytt

Noreg framleis på digitaliserings-toppen i Europa

Noreg lukkast godt med digitaliseringa, men det gjer også mange andre europeiske land.

22.05.2018
NPK: – Vi må halde trykket oppe om Noreg framleis skal vere eitt av dei leiande landa i Europa på digitalisering, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.
Det er DESI-indeksen som syner dei nye tala. DESI (The Digital Economy and Society Index) måler EU-landa på digital infrastruktur, i kva grad digital teknologi er bruka i næringslivet, bruken av offentlege digitale tenester, teknologikompetanse og bruk av internett-tenester og teknologi i samfunnet, skriv Kommunal- og moderniseringsdepartementet i ei pressemelding.

Bank på topp

I år er Noreg rangert som nummer fem i Europa, etter Danmark, Sverige, Finland og Nederland. I fjor blei Noreg berre slått av Danmark, men forskjellane mellom dei fem høgst rangerte landa i år er små.
Det er særleg på utvikling og bruk av offentlege og private internettenester at Noreg ligg spesielt langt framme. 90 prosent bruker digitale offentlege tenester i Noreg, medan snittet i EU er på 58 prosent. Noreg er også veldig høgt oppe når det gjeld bruk av banktenester, med 95 prosent samanlikna med EU som har eit gjennomsnitt på 61 prosent.

Ikkje fleire IKT-spesialistar

Mæland seier at Noreg går fram på nesten alle hovudkategoriane og at totalscoren er betre no enn for eitt år sidan. Likevel vil ministeren ta områda Noreg ikkje er så leiande på alvor.
Innanfor teknologikompetanse har Noreg hatt avgrensa framgang sidan i fjor. Det har ikkje blitt fleire spesialistar i IKT. Studentmassen på bachelor og master har gått opp, men på doktorgradsnivå er det ingen auke.
– Det er veldig bra at fleire vel IKT-fag, men vi må rekruttere fleire og breiare om me skal fortsette å vere i europatoppen på digitalisering. Regjeringa foreslår difor i revidert nasjonalbudsjett å setje av 450 millionar kroner til den teknologiske skulesekken.
- Satsinga skal bidra til at elevar får kunnskap om og forståing for teknologi, programmering og tilgang til gode digitale læremiddel, seier Mæland.

Publisert: 22.05.2018 11:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22