Nordfjordbrua hentar fem millionar
VIL HA MEIR: Eid og Gloppen kommune eig til saman neste 50 prosent i Nordfjordbrua as. No ber selskapet nye og eksisterande eigarar om fem millionar kroner i ny eigenkapital. Biletet er frå markeringa av av Lote-Anda har fekk elferjer i vinter, der ordførarane Alfred Bjørlo (Eid) og Leidulf Gloppestad (Gloppen) delte ei svele.
Nytt

Nordfjordbrua hentar fem millionar

Bruutbyggingselskapet Nordfjordbrua skal hente fem millionar kroner i ny eigenkapital.

07.02.2019
Selskapet arbeider for å erstatte ferjesambandet Anda-Loen med bru.
Nye reglar for ferjeavløysingsmidlar er ein av grunnane til at selskapet no vil utvide eigenkapitalen, skriv styreleiar og Eidordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

Finansiere forprosjekt

"Føremålet med emisjonen er å ha kapital til å gjennomføre eit samla forprosjekt for byggjing av bru Anda-Lote, der ein gjer alle nødvendige tekniske avklaringar, får utarbeidd konsept for ei bru, ytterlegare dokumentasjon på samfunnseffektar og finansieringsmodell. Målet er at forprosjektet skal gjere det mogleg å gjere endeleg vedtak om å byggje og finansiere brua som eit ferjeavløysingsprosjekt. Både eksisterande og nye aksjonærar vil bli invitert til å delta i aksjekapitalutvidinga", heiter det i pressemeldinga.

Bank og kommune

I dag er selskapet eigd av Sparebanken Sogn og Fjordane, Eid og Gloppen kommune og Gloppen næringsorganisasjon.
Bygging av bru over Lote-Anda vil tredoble trafikken samanlikna med dagens ferjetilbod, frå 1400 køyretøy i døgnet til 4000-4500.
Sjølv med framtidig realisering av ei bru i indre del av Nordfjord vil trafikktala over Lote-Anda bli meir enn dobla med bygging av Nordfjordbrua, og utløyse svært store regionale effektar. Det er konklusjonen i ei trafikk- og finansieringsanalyse for Nordfjordbrua Lote-Anda som Norconsult har laga på oppdrag frå Nordfjordbrua as. Analysen blei lagt fram i vår.

Publisert: 07.02.2019 08:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24