Nordea topp positiv til patentsal
NYTT SKIP: Aker Biomarines nye krilltrålar på veg inn til Vard Brattvåg for utrustning i august i år. Neste år skal fartyet ut i fiske. Rettsaka mellom Røkke-selskapet  Aker Biomarine og Stig Remøy-selskapet Rimfrost denne veke kan avgjere om Aker får tilbake Remøy som konkurrent i Sydishavet.
Nytt

Nordea-topp positiv til patentsal

Nordea ville akseptere salet av retten til produksjonsteknologien frå Emerald Fisheries til Rimfrost, sa tidlegare Nordea-topp Øystein Sandvik i retten i dag.

12.12.2018
Aker Biomarine og Rimfrost/Rimfrost Technologies strides om retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel og møtes i Søre Sunnmøre Tingrett denne veka.
Aker Biomarine meiner retten til teknologien var med på kjøpet då selskapet kjøpte krilltrålaren Juvel etter konkursen i Emerald Fisheries 2017. Rimfrost/Rimfrost Technologies meiner teknologien blei overført til dei, ved eit sal i 2012 - med oppgjer 2013.

Vil fiske på nytt

Aker Biomarine driv i dag krillfiske med to andre båtar i Antarktisk og har ein under bygging, medan tidlegare Emerald Fisheries-storaksjonær Stig Remøy vil bygge ny båt og starte krillfiske på nytt.
Frå långivarane si side var det eit vilkår at retten til teknologien (patentet) ikkje kunne seljast ut av Emerald Fisheries utan godkjenning frå långivarane. Frå Aker Biomarine si side er det i retten lagt vekt på at det manglar godkjenning av salet frå kreditorane si side, slik Aker Biomarine oppfattar kva som har hendt.

Innstilt på samtykke

Nordea leia banksyndikatet som finansierte Emerald Fisheries, og i følgje Sandvik var bankens vurdering at salet av patentet frå Emerald Fisheries til Rimfrost var greit.
- Vi var ganske raskt innstilt på å samtykke til den transaksjonen, sa Øystein Sandvik i retten.
Sandvik var leiar for fiskeriseksjonen i Nordea fram til han gjekk av med pensjon i oktober 2013. Han vitna på telefon.
I følgje Sandvik var ikkje godkjennning av transaksjonen vedtatt i banksyndikatet før han gjekk av.
Han sa at banken var godt informert om salet av det omstridde patentet, og at salet var ikkje eit sentralt tema.
- Det var mykje meir alvorlege ting som var på tapetet, sa han og refererte til at Emerald Fisheries mangla kapital.

Vitne-dag

Dei to første dagane i retten har gått med til innleiingsforedrag og første del av partsforklaringane til partane.
Aker Biomarine sin juridiske direktør Lars Jacobsen og Stig Remøy frå Rimfrost/Rimfrost Technologies har vore i vitneboksen. Remøy blei ferdig med si partforklaring i formiddag, før vitneførselen, der Øystein Sandvik var førstemann ut.

Planen er å fullføre vitneførselen i morgon formiddag, og bruke resten av torsdagen og fredagen til prosedyrer.
Vi var ganske raskt innstilt på å samtykke til den transaksjonen

Publisert: 12.12.2018 12:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29