Nordea sjef skal vitne i Juvel strid
STRID OM RETTEN TIL TEKNOLOGIEN. Kven eig produksjonsteknologien i krilltrålaren Juvel (biletet)? Stig Remøy vann første runde i retten, men Aker Biomarine med Kjell Inge Røkke som indirekte storaksjonær, har anka til lagmannsretten.
Nytt

Nordea-sjef skal vitne i Juvel-strid

Aker Biomarine har kalla inn Nordeas sjømatsektor-sjef Louise Haahjem som nytt vitne til andre rettsrunde i striden om teknologien ombord i krilltrålaren Juvel.

14.11.2019
Søre Sunnmøre Tingrett gav i fjor Stig Remøys selskap Rimfrost og Rimfrost Technologies medhald i at det er dei to selskapa som har retten til krillproduksjonsteknologien ombord i Juvel, ikkje Aker Biomarine.

Striden mellom Aker Biomarine og Rimfrost/Rimfrost Technologies gjeld retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel, som Aker Biomarine kjøpte etter at eigaren, krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries - med Stig Remøy som hovudeigar - blei slått konkurs i 2017.

Aker Biomarine meinte retten til teknologien var med på kjøpet, Remøy at den var kjøpt av Rimfrost i 2012/2103 - og Remøy fekk altså medhald i tingretten.

Medhald frå banken

Eitt poeng i rettsaka i tingretten var om långivarane til Emerald Fisheries, blant dei Nordea, hadde godkjent at retten til teknologien (patentet) blei seld ut av Emerald Fisheries.
- Vi var ganske raskt innstilt på å samtykke til den transaksjonen, sa Øystein Sandvik i sitt vitneprov i retten.

Sandvik var leiar for fiskeriseksjonen i Nordea fram til han gjekk av med pensjon i oktober 2013. Han vitna på telefon i tingretten. I følgje Sandvik var ikkje godkjennning av transaksjonen vedtatt i banksyndikatet før han gjekk av.
Det går fram av sluttinnlegga til partane at Aker Biomarine også i lagmannsretten vil legge vekt på korleis långivarane til Emerald Fisheries vurderte retten til har kalla inn Louise Haahjem som nytt vitne. Haahjem var ikkje vitne i tingrettenn Ho har arbeidd i Nordea sidan 2000 og blei leiar for sjømatseksjonen i 2015. Øystein Sandvik skal og vitne. Han er kalla inn av Rimfrost.

Partane har kalla inn i alt 18 vitne, i følgje sluttinnlegga.

Brann ombord

Juvel har ikkje vore i fiske sidan Aker Biomarine kjøpte båten. for 255 millionar kroner i 2017, 85 millionar kroner under pantekravet frå Nordea, Giek og Innovasjon Norge.

Juvel fekk store skadar etter brann ombord i fjor sommar. Då låg Juvel ved kai i Montevideo i Uruguay. No er den hos eit verft i Gibraltar for reparasjon.
Både Aker Biomarine og Rimfrost har satsa vidare på krillfiske og foredling.
I januar i år fekk Aker Biomarine overlevert den Vard-bygde krilltrålaren Antartic Endurance.
I mars gjekk Rimfrost ut og søkte byggjeleiar til ein ny krilltrålar.

Publisert: 14.11.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44