Nordea raad Ikkje bygg i Tyrkia no
ALVORLEG ENDRING: I løpet av få veker har europeiske bankar slutta å gjere forretningar med tyrkiske bankar, seier Mads Eriksson i Nordea. 
Nytt

Nordea-råd: Ikkje bygg i Tyrkia no

På jakt etter verft til din nye båt? Ikkje gå til tyrkiske verft no. Det er rådet frå Nordea etter at konflikten med USA har forsterka risikoen ved å gjere forretningar i Tyrkia.

23.08.2018
- Vi anbefalar våre kundar å avvente Tyrkia, seier Mads Erik Eriksson i Nordea.
Han arbeider med internasjonal handel, og har på kort tid sett eit kraftig forverring i vilkåra for tyrkisk økonomi.
- Det som har skjedd dei siste vekene er at europeiske bankar har slutta at ta risiko på tyrkiske bankar, seier Eriksson.
Bakgrunnen er den politiske konflikten mellom USA og Tyrkia, på toppen av fallet i den tyrkiske valutaen og uvisse om den politiske og økonomiske utviklinga i Tyrkia.

Stor risiko

Når ein norsk reiar bestiller eit skip i Tyrkia er det vanleg at ein norsk eller nordisk bank stiller garanti for at reiaren får pengane attende om prosjekt går i vasken. Det same gjeld for norske verft som får skrog bygd i Tyrkia.
Banken får i sin tur garantiar frå tyrkiske bankar, og fungerer som eit naudsynt mellomledd. Det mellomleddet er no borte.
Den som vil signerer kontrakter på å bygge skip i Tyrkia no må gjere det på eigen risiko, i følgje Eriksson.

Fryktar bankkrise

Eriksson fryktar at tyrkisk verftsindustri skal blir indirekte råka, sjølv om verfta no har bra med arbeid.
- Det som er risikoen er at det kan oppstå ei tyrkisk bankkrise, seier Eriksson.
I neste omgang vil det slå inn over verfta.
- Verft får ikkje nye oppdrag fordi reiarane må ta risikoen sjølv, seier han.
Skjer det tørkar pengestraumen til verfta inn, og det kan skape likviditetsproblem.

Større skepsis

Forsøket på statskupp i Tyrkia i 2016 skapte økonomisk uro og skepsis hos bankane.
Men det gikk over, og inntil for kort tid sidan var Eriksson ikkje bekymra for den økonomiske risikoen ved å gjere forretningar i Tyrkia.
No er vurderinga altså ein anna, og hendingane i år på toppen av statskuppforsøket i 2016 gjer at Eriksson trur det denne gangen vil ta lengre tid før internasjonale bankar eventuelt blir mindre skeptiske til Tyrkia.

Pastor i fengsel

Striden mellom USA og Tyrkia har toppa seg med usemje om lauslating av den amerikanske pastoren Andrew Brunson, som sit fengsla i Tyrkia, skulda for medlemskap i terrororganisasjonar.

USA vil ha Brunson lauslatt, men forhandlingane stranda og USA svara med auka toll på tyriske varer og trugsmål om sanksjonar. Tyrkia har svara med toll på amerikanske varer.
Det som har skjedd dei siste vekene er at europeiske bankar har slutta at ta risiko på tyrkiske bankar

Publisert: 23.08.2018 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25