Noko av det betre vi har sett paa lenge
HAVILA: Njål Sævik under ein selskapspresentasjon for offshoreanalytikarar før offshorenedturen starta for fullt. No ser Sævik på nytt litt lysning.
Nytt

- Noko av det betre vi har sett på lenge

Havila Shipping-direktør Njål Sævik ser lysning etter oppløftande rater på langtidskontrakt.

17.01.2020
- Dette er noko av det betre vi har sett på lenge. Det er lenge sidan vi har sett slike rater på ein eittårskontrakt.
Det seier Sævik etter at Havila Shipping har inngått langtidskontrakt med eit britisk oljeselskap for .
Kontrakten er i utgangspunktet på eitt år med arbeid med to brønnar, men kontrakten kan verte forlenga med to ekstra år med arbeid på ytterlegare sju brønnar.
Sævik vil ikkje oppgi den nøyaktige summen.
- Men dette byrjar absolutt å likne på noko, seier han.

Høgare aktivitet

PSV-en har vore på verkstadopphald etter maskintrøbbel, og var før det i aktivitet for Allseas med legging av gassrørleidning for Russland til Tyskand, eit arbeid som no er stoppa på grunn av trussel om Trump-sanksjonar.

Sævik seier at det er klare teikn til høgare aktivitet i Nordsjøen.
- Spesielt gjeld dette for litt større PSV-ar. For denne skipstypen ser 2020 ut til å verte av dei betre åra.

Grøfting

I tillegg til langtidskontrakten for Havila Crusader, har Havila Shipping også fått oppdrag med ankerhandteraren Havila Jupiter med grøfting i Nordsjøen for selskapet Global Marine Systems.
Denne kontrakten er i utgangspunktet på 70 dagar, med opsjon på inntil 40 ytterlegare dagar.
Sævik seier at for ankerhandterarar er det ikkje like bra marknad som for dei større PSV-ane, sjølv om det er store ratevariasjonar.
- Men det kan av og til vere greitt med litt lengre avtalar i staden for heile tida å drive og jage i spoten. seier han.
Havila Shipping har tre ankerhandterarar i opplag.
Sævik seier at det ikkje er planar om å ta ut desse med det første.

Suez-oppdrag

Han opplyser at arbeidet med refinansiering av gjelda pågår.
- Her er vi i same båt som resten av offshoreselskapa.
Selskapet har i tillegg to skip i arbeid for Axxis Geo Solutions, eit nodeseismikkselskapet som fredag melde at eit større oppdrag i Midt-Austen no var i gang etter at oppdraget først vart utsett.

Jaktar tilsette

Også Ulsteinvik-baserte Island Offshore melde denne veka at utsiktene for 2020 er lovande.
– Vi hadde ei bra avslutning på året med betre aktivitet enn vi frykta, og 2020 har starta lovande. Totalt sett for året, ser det ut til at 2020 blir betre enn fjoråret, seier direktør Tommy Walaunet i.
Island Offshore er på jakt etter fleire tilsette og har lyst ut kring 15 stillingar til sjøs. I tillegg skal dei tilsette ny mannskapssjef ved hovudkontoret.
– Det er eit resultat av auka aktivitet og omorganisering, som no gjer at vi har behov for å styrke ulike delar av den seglande organisasjonen, seier Walaunet.

Les også:



Dette byrjar absolutt å likne på noko

Publisert: 17.01.2020 10:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50