No skal reiselivet og eventbransjen faa meir hjelp
MARITIM INDUSTRI? Næringsminister Iselin Nybø la fram ei krisepakke for maritim industri i mai. Neste veke kan det kome fleire tiltak som også treff denne næringa. 
Nytt

No skal reiselivet og eventbransjen få meir hjelp

Regjeringa legg fram ny koronapakke måndag.

17.09.2020
(NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo): Finansminister Jan Tore Sanner (H) legg måndag fram ei ny tiltakspakke for å avhjelpe koronakrisa. Reiselivet og eventbransjen kan vente seg krisehjelp.
I koronaproposisjonen som skal leggjast fram og sendast til Stortinget, vil det òg komme nye anslag for kva krisa har kosta norsk økonomi, etter det NTB forstår.
Det førre anslaget kom i revidert nasjonalbudsjett i mai, men mykje har skjedd sidan den gong. Grovt sett har utviklinga i norsk økonomi vore meir positiv enn venta, og arbeidsløysa har gradvis falle.
Samtidig slit nokre bransjar tungt som følgje av smittevernrestriksjonar, og det vil komme eigne tiltakspakkar for reiselivet og eventbransjen, får NTB opplyst.
Årsaka til at regjeringa legg fram ein eigen proposisjon i tillegg til forslag til statsbudsjettet for neste år, som kjem 7. oktober, er eit behov for å avklare tiltak i dei tre siste månadene av året.

«Hårreisande»

Reaksjonane var sterke etter at næringsminister Iselin Nybø (V) i august uttalte at krisa i reiselivet «er den nye normalen, og vi må finne ut hvordan vi skal leve med den».
– Det er hårreisande at den ansvarlege ministeren for ei næring som er viktig for heile landet vårt, ikkje anerkjenner situasjonen næringa står i, sa Virke-sjef Ivar Horneland Kristensen.
Kristin Krohn Devold i NHO reiseliv åtvara om ein svart haust og frykt for konkursras og masseoppseiingar.
Og i slutten av august varsla Nybø ein eigen reiselivspakke med «penger for å avhjelpe den alvorlige situasjonen».

Les også:


Synspunkt:


Ny kontantstøtte?

Kva som kjem i reiselivspakken, er ikkje kjent. Men næringa har ikkje lagt skjul på at ordninga med kontantstøtte til bedrifter, som no blir avvikla, har hjelpt mange.
Ei ordning der koronaramma bedrifter får dekt dei faste kostnadene sine kan derfor komme, både for reiseliv og eventbransjen. Vidareføring av lågmoms på 6 prosent for reiselivet er eit anna grep som kan takast.
Samtidig nyt mange ramma bedrifter godt av at ordninga med permittering er forlengd. Det betyr at bedrifter slepp å seie opp folk.
For eventbransjen har omsynet til smittevern gjort inntening vanskeleg ved konsertar, messer, konferansar, kurs eller andre tilstellingar.
Dagleg leiar Janette Haukland i Sponsor- og Eventforeningen påpeikar overfor NTB at eventbransjen ikkje er opptekne av å opne for å samle meir enn 200 menneske no.
– Kundane i bransjen tør i dag ikkje eingong å samle 200 menneske. Det einaste vi er opptekne av akkurat no, er økonomisk hjelp til ein bransje med over 5.000 fast tilsette, slik at vi kan starte planlegging av større arrangement fram i tid, seier Haukland.

Tre milliardar sett av

Det meste av innhaldet i proposisjonen er likevel allereie kjend, etter det NTB forstår:
  • 13. august varsla regjeringa at permitteringsperioden blir utvida til 52 veker frå 1. november. Tiltaket kostar anslagsvis 540 millionar kroner i år og neste år.
  • 19. august sette regjeringa av 900 millionar kroner til ei ny stimuleringsordning for arrangement i kultursektoren frå 1. oktober.
  • 20. august vart det kjent at ein ny milliard blir sett av for å kompensere inntektstapa i idretten og det frivillige.
  • 25. august stadfesta finansministeren at ordninga med kontantstøtte for bedrifter blir avvikla.
  • 27. august vart det klart at regjeringa vil bruke rundt 400 millionar på å forlengje perioden med forhøgde dagpengesats ut året.
  • 15. september vart det klart at regjeringa innfører ei eiga ordning for foreldre som har brukt opp kvoten med omsorgsdagar, dersom skulen eller barnehagen til barna blir stengde.

Les også:



(©NPK)

Publisert: 17.09.2020 11:56

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:24