No maa det bli slutt paa festtalane
VINDKRAFT: Hywind Tampen skal sørge for å spare 200.000 tonn klimagassutslepp, men fiskarane fryktar konsekvensane med prosjektet. 
Nytt

– No må det bli slutt på «festtalane»

Fiskebåtreiarane misnøgd med Equinor-dialog i vindkraftprosjekt på sokkelen.

Marius Rosbach
12.06.2019
Bransjeorganisasjonen Fiskebåt ser ikkje med blide auge på den planlagde Hywind-utbygginga til Equinor.
– No må det bli slutt på «festtalane», seier fiskar og styremedlem i Fiskebåt, Helge Olav Vikshåland, i ei frå organisasjonen.

– Ikkje tatt omsyn til


Ved hjelp av 11 vindturbinar skal Gullfaks og Snorre delelektrifiserast, noko fiskarane ser positivt på. Det er i første rekke plasseringa dei er misnøgd med. Vikshåland er ikkje nøgd med korleis fiskerinæringa er tatt omsyn til i saka.
– Det blir stadig løfta fram at det er viktig med dialog og dei etterlyser våre synspunkt. Mitt inntrykk er likevel at dei ikkje høyrer på våre innspel i desse sakene. I Hywind-prosjektet har vi kome med konkrete forslag til alternativ plassering av vindturbinane, som i langt mindre grad vil øydelegge for fiskeinteresser, men dette er ikkje tatt omsyn til. Også i andre saker har vi kome med konstruktive innspel, utan at det er tatt omsyn til det. Vi opplever difor at det ikkje er noko særleg dialog om desse prosjekta, seier han i ei pressemelding.
Vikshåland seier han ikkje er mot at fiskarane delar områda med oljenæringa, men vil at det skal skje på lag med deira interesser.

Vil ha turbinane ein anna plass

Saman med Fiskarlaget har fiskebåtreiarane sin organisasjon sendt eit høyringssvar der .
– Så langt har likevel ikkje argumenta nådd fram, og Equinor har heller lagt vekt på eigne interesser, som omsyn til framtidig seismikkskyting og anna infrastruktur som allereie ligg på botnen, heiter det i utspelet frå Fiskebåt.
Fiskarlaget har påpeika at vindturbinane er planlagd midt i gode fiskefelt i Nordsjøen og at dei kan øydelegge for fiskeriet.

Truleg avgjerd til hausten

Vindkraftprosjektet har ei kostnadsramme på fem milliardar kroner og skal gi utsleppskutt frå norsk sokkel på 200.000 tonn årleg. Det er venta at Equinor tek ei avgjerd om investeringa til hausten.
Les meir:

Publisert: 12.06.2019 15:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36