No kjem resultata av fusjonen i fjor
UTSIKTER: MMC First Process har eit budsjett i år på 500 millionar kroner. Særleg dei siste vekene har dei fått mange store og viktige kontrakter, noko adm. dir. Petter Leon Fauske (til v.) gler seg over. Her saman med konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group ASA; konsernet som eig 75 prosent av selskapet.  
Nytt

No kjem resultata av fusjonen i fjor

MMC First Process har fått fire kontrakter siste vekene. Dei ser stort vekstpotensial.

Kristin Vidhammer
19.07.2018
MMC First Process har spesialisert seg på utstyr til fiskeri- og oppdrettsnæringa, både ombord- og landanlegg.
Etter fusjonen i november mellom First Process og Havyard MMC, kan dei levere større og meir komplette utstyrspakkar enn dei tidligere har gjort og der dei fusjonerte selskapa også utfyller kvarandre når det gjeld kompetanse, produkt og marknad.
- Vi er den mest komplette aktøren med både fiskehandtering, kulde- og prosessløysingar innomhus. Vi bruker den komplementære kompetansen vi har til å kome med nye og innovative løysingar på alle tre områda, seier adm. direktør Petter Leon Fauske.
Dei har no ein ordrereserve på ca. 500 millionar kroner, som skal leverast i år, neste år og i 2020.

Fornøgd med fjoråret

Selskapet fekk i fjor driftsinntekter på 411 millionar kroner og eit resultat før skatt på nærmare 10 millionar (sjå tabell).
Nesten 85 prosent av inntektene kom frå det norske marknaden i fjor. Når det gjeld forretningsområde, kom 61 prosent av driftsinntektene frå forretningsområdet fiskehandtering, 35 prosent kom frå forretningsområdet kulde og resten kom frå prosess-området.
- Vi er greit fornøgd med tala i fjor, men det er potensial til å gjere det mykje bedre, seier Fauske.
Etter fusjonen i november i fjor, er dei naturleg nok i ei omstillingsfase.
- Vi har lagt ein ny samlande strategi for selskapet og tek ein del grep. Mellom anna har vi beslutta å byggje nytt bygg på Digernes og samlokalisere dei tilsette på Sjøholt og Vigra i 2019.
Les også:

Kontraktene har rasa inn siste vekene

Ifølgje Fauske, vart 1. kvartal i år dårlegare enn på same tid i fjor, men det er noko dei no jobbar med.
- Det vil gradvis gå bedre utover året og vi har eit budsjett i år på 500 millionar kroner, seier han.
Berre dei siste vekene har dei fått fire nye kontrakter.
- Det har har vore ein veldig god ordreinngong, noko som er veldig gledeleg.
Les også:
Les også:
Les også

Over 140 tilsette

MMC First Process har god soliditet og likviditet og den bokførte eigenkapitalen var ved årsskiftet i overkant av 100 millionar kroner, som tilsvarer ein eigenkapitalandel på over 46 prosent.
Selskapet hadde rundt 11 millionar kroner i forsking- og utviklingskostnader i fjor.
MMC First Process har ca. 140 tilsette i Fosnavåg, Sjøholt og Vigra, i tillegg til ei serviceavdeling innan kuldefaget i Haugesund.
Selskapet er eigd 75 prosent av Havyard Group ASA og 25 prosent av First Process Holding as, som igjen er eigd av Petter Leon Fauske, Arne Einar Aasen, Per Arild Aamelfot og Erling Keiseraas.
Vi er den mest komplette aktøren med både fiskehandtering, kulde- og prosessløysingar innomhus.

Publisert: 19.07.2018 09:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24