No har vi vore lenge nok i Murmansk
MURMANSK: Her ser vi dei av mannskapet på Remøy som tilfeldigvis hadde med seg pass og fekk seg ein tur på land i Murmansk 17. mai.  Framme ser vi Joakim Nerland og Jermund Hide. Bak frå venstre står Kåre Elvesæther, Berit Johanne Håvoll, Joakim Djupvik, Håvard Vågsholm Sævik, Robin Røssevold og Joar Nerland.
Nytt

- No har vi vore lenge nok i Murmansk

- For mannskapet er det ingen dramatikk, men no er det på høg tid at denne saka vert løyst.

18.05.2017
Dette seier skipper Kjetil Ervik på reketrålaren Remøy frå Herøy.
Sidan torsdag har trålaren lege i arrest i Murmansk etter at Fiskeridirektoratet gløymde å krysse av på eit skjema at trålaren skulle fiske reker.
- Det er ein rein formalfeil frå direktoratet si side, og eg hadde trudd at det gjekk fort å rette opp i ein slik feil. Men no er det altså ni dagar sidan vi vart borda av den russiske kystvaka. Det er i lengste laget å vente på grunn av eit manglande kryss på eit dokument.
Les her:

Feira 17. mai på land

Båten ligg for anker i hamna i Murmansk, og mannskapet har ikkje mykje anna å gjere enn å sjå TV og surfe på internett, og vente på ei løysing.
Men for halvparten av mannskapet vart det ein skikkeleg opptur 17. mai.
- Det var konsulatet som inviterte alle på land til sightseeing i byen og til å feire 17. mai på eit hotell.
- Men problemet er at berre halvparten hadde med seg pass og såleis fekk sleppe i land. Ingen hadde tenkt at vi skulle på land i Russland då vi la ut på denne turen.
Ervik seier at dei som fekk sleppe på land hadde ei flott feiring.
- Ja, dei var i alle fall i godt humør då dei kom om bord att. Vi andre sat om bord og følgde med på feiringa i fineveret på Sunnmøre, seier Ervik, som sjølv kjem frå Giske.
Der er 17 fiskarar om bord i trålaren, fordelt på 15 norske og to frå Færøyane.

Profesjonelle russarar

Planen var at dei skulle mønstre av i Tromsø for ei veke sidan etter å ha levert rekelasten på 500 tonn.
Samstundes står det 17 andre klar til å overta.
- Desse står med bagane ferdig pakka, og er ferdige til å rykke ut så fort denne saka er løyst, seier Ervik.
Han seier at russiske myndigheiter har handtert mannskapet godt.
- Ja, det har vore profesjonelt på alle måtar. Vi har ingen ting å utsette på behandlinga vi har fått.

Var på veg til Tromsø

Remøy vart borda av eit kontrollpunkt langt til havs, og hadde sett kursen mot Tromsø då den russiske kystvakta slo til.
- Vi hadde ikkje anna val enn å følgje med inn til Murmansk, sjølv om både vi og inspektørane forstod at det var ein rein formalfeil.
No kan det verte eit etterspel.
- Dette får reiarlaget Remøy Havfiske ta seg av, men det er klart at reiarlaget har tapt store summar på denne feilen, seier Ervik.
Reiar Olav Remøy seier til NETT NO at eit eventuelt erstatningsetterspel ikkje er noko reiarlaget fokuserer på no.
- Vårt fokus er å få båt og mannskap frå Murmansk. Alt anna kjem i andre rekke.
Vi hadde ikkje anna val enn å følgje med inn til Murmansk, sjølv om både vi og inspektørane forstod at det var ein rein formalfeil

Publisert: 18.05.2017 09:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09