No er vi sikra for fem aar framover
AVTALE: Ein fornøgd adm. dir. Njål Sævik i Havila Shipping etter å ha fått reforhandla avtale med bankane. Han trur at obligasjonseigarane også vil seie ja.
Nytt

- No er vi sikra for fem år framover

Njål Sævik ser fram til å drive som normalt i dei neste fem åra.

07.04.2020
- Vi har forhandla med bankane i tretten månader, og det er godt å endeleg kome i mål med ein avtale som sikrar at vi kan drive tilnærma normalt dei neste fem åra.

Herøy-selskapet flagga tysdag ein omfattande restruktureringsavtale etter at Sævik-familien sjølv går inn med 100 millionar kroner.
- Dette viser at vi framleis har tru på offshoremarknaden, sjølv om det akkurat no ser tungt ut med koronakrise og oljeprisfall.

Forventar støtte frå obligasjonseigarane

Avtalen skal godkjennast av obligasjonseigarane i to obligasjonslån, der det eine er knytt opp til Havila Clipper, den andre til Havila Subsea.
Ved forrige restruktureringsrunde hadde selskapet store utfordringar med obligasjonseigarane. Sævik trur ikkje dette vil skje denne gongen.
- No har vi berre sikra obligasjonslån. For det eine lånet har alt 2/3-del av obligasjonseigarane i det eine lånet alt sagt ja. Vi har god tru på at det også vert stor oppslutning om avtalen i det andre lånet.
- Og uansett har obligasjonseigarane full rett til å overta skipa som låna er sikra i om dei ikkje vil godkjenne avtalen.

Treng ikkje selje skip

Havila Shipping har ein flåte på 23 skip, derav fire som er på bareboatavtale. Avtalen betyr at selskapet ikkje har krav om å skrape eller selje nokon av skipa, slik tilfellet var med avtalen for Solstad Offshore.
- Nei, vår avtale er bygt opp på ein annan måte.
I avtalen er gjelda på 4,2 milliardar splitta i to, der 3,1 milliardar kroner er renteberande gjeld, og 1,1 milliardar ikkje er renteberande. Gjelda er også knytt opp til innteninga for kvart enkelt skip.
- I praksis er det slik at bankane vil få att alle pengane dersom marknadet utviklar seg betre enn det vi har lagt til grunn. I motsett fall vil bankane risikere å måtte avskrive heile eller deler av gjelda på 1,1 milliardar.
- Vi er godt fornøgd med ein slik avtale, og håper at marknaden utviklar seg slik at bankane vil få tilbake heile summen, seier Sævik.

- Mange vart letta

Han opplyser at nyheita om restruktureringsavtalen vart godt mottatt av dei tilsette.
- Ja, mange vart letta. Men trass i all uvisse har drifta gått som normalt.
Havila Shipping er klar børsvinnar tysdag. På det meste har aksjen nesten dobla seg til 4,10 kroner aksjen, men har seinare falle litt tilbake.
Med ein verdi på 85-90 millionar kroner er det likevel langt att til den tida selskapet var verdsett til over ein milliard kroner.

- Lever ikkje av børskursen

Sævik ønskjer ikkje å kommentere utviklinga i børskursen.
- Nei, det er ikkje børskursane vi lever av.
Derimot seier han at han ser fram til dei neste åra.
- Ja, dette trur eg vert ei spennande tid for heile selskapet.
Dette trur eg vert ei spennande tid for heile selskapet

Publisert: 07.04.2020 15:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56