No er det best aa halde seg i Norge
NYE REISERÅD: Statsminister Erna Solberg hadde tysdag ein pressekonferanse der regjeringa orienterte om koronasituasjonen. 
Nytt

– No er det best å halde seg i Norge

Alle grøne land blir gule – innfører nye reiseråd.

Administrator
12.08.2020
Statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie deltok onsdag på ein pressekonferanse der dei orienterte om nye reiseråd i samband med koronapandemien.
– Vi har hatt fleire lokale utbrot rundt omkring i landet og smittetala aukar, sa Solberg.
Ho understreka at det er viktig at alle tenker seg godt om før dei legg ut på reiser som ikkje var strengt naudsynte.
– No er det best å halde seg i Norge, sa statsministeren då ho skulle summere opp det viktigaste rådet.

Alle land blir raude eller gule

Regjeringa understrekar at det ikkje er anbefalt å reise til andre land – ved å gjere om alle grøne land til gule.
– Så lenge vi har tilrådinga om å unngå unødvendige reiser, vil vi berre ha raude og gule land, sa Solberg.
Fleire land og regionar i Norden har aukande smitte og blir raude. Karanteneplikta for innreise frå desse landa trer i kraft midnatt natt til laurdag.
Det dreiar seg om Polen, Nederland, Malta, Kypros, Island eller Færøyene. Også fleire regionar i Danmark og Sverige blir raude.

Vil ikkje stenge samfunnet på nytt

Statsministeren påpeika at styresmaktene ikkje ville tilbake til den situasjonen som var i mars og april, med store delar av samfunnet stengt ned.
– Kostnadene har vore enorme, både menneskeleg og økonomisk. No må vi jobba saman for å unngå at vi hamnar der igjen, sa ho.
Solberg sa at både opning av skular og arbeidet til mange som har vore ute i permisjon, er avhengig av at folk igjen hentar fram dugnadsanda og følgjer reglane.
(ekstern lenke)

Åtvarar mot handleturar

Sjølv om nye reiseråd og karantenekrav ikkje trer i kraft før natt til laurdag, rår helseminister Bent Høie på det sterkaste imot å ta ein handletur til Sverige før det.
Fleire regionar i Sverige blir raude frå natt til laurdag.
– Eg vil understreke at smittesituasjonen i desse regionane allereie er slik at det er forhøgt risiko for smitte. Sjølv om karantenekrava ikkje trer inn før natt til laurdag, vil det å reise dit no for å handle vere i strid med tilrådinga frå regjeringa om å unngå unødvendige reiser, seier Høie.

Testsentra ved flyplassar

Dei som kjem til Noreg frå gule og raude land, får tilbod om å teste seg gratis. Det blir etablert testsenter på utvalde flyplassar, grenseovergangar og hamner.
– Staten dekkjer kostnadene knytte til etablering og drift av desse testsentera, slår helseminister Bent Høie fast.
All helsehjelp i Noreg er som hovudregel basert på at det er frivillig. Testing når ein kjem til ein slik stad, er dermed frivillig.

Ny eining for smittesporing

Ei ny nasjonal eining for smitteoppsporing skal hjelpe kommunane i smitteavgrensingsarbeidet.
– Dei skal støtte kommunane ved utbrot, handtere smitteoppsporing av utanlandske statsborgarar og utføre smittesporing på tvers av kommunar, sa statsminister Erna Solberg (H) på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen.
Det nasjonale teamet skal styrkje smittesporingseininga ved Folkehelseinstituttet, sa statsministeren.

Videreførar cruietiltak

Innstrammingane for cruisetrafikken blir forlengde med éi veke. Skip med fleire enn 100 personar om bord får ikkje gå i land i norske hamner eller på Svalbard.
Tiltaka vart først innførte 3. august og skulle gjelde i fjorten dagar, men regjeringa meiner altså det trengst å halde på dei i endå ei veke.
– Vi gjer dette medan vi undersøkjer kva som svikta under smitteutbrotet på hurtigruta, og kva som bør gjerast for å hindre at noko liknande skjer igjen, påpeikar næringsminister Iselin Nybø (V).

Publisert: 12.08.2020 14:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01