- Det er stadig lenger mellom søknadene om støtte til offshorefartøy og riggar. Derimot har i ein kraftig vekst når det gjeld energisatsing på land, seier GIEK-direktør Wenche Nistad.
Ho forvaltar garantiar på 100 milliardar kroner.
- 85 % av dette er tilknytt offshore, olje og gass, seier Nistad.
- Vi får no mange søknader kytt til landbasert energiutbygging. Fleire norske bedrifter er med og kjempar om store oppdrag i land som Myanmar og ulike land i Afrika.
- Det vert spennande å sjå om dei norske selskapa vinn fram.
- Her er det landindustrien som går i front. Lenge har det vore stor fokus på offshore.
- Folk tenkjer omstilling.
85 milliardar kroner har GIEK garantert for i ulike offshoreprosjekt. No har GIEK bokført avsetningar for framtidige tap.
- Dette er ikkje realiserte tap, seier Nistad.
- Vi veit ikkje kor mange som ikkje vil klare å innfri låneforpliktelsane, men vi er innstilte på at det vert ein del tap.
GIEK (Garanti-instituttet for eksportkreditt) stiller garanti og forsikring for eksport av norske varer. Garantiane dekkjer både kommersiell risiko og politisk risiko.
Nistad seier at problema for offshorenæringa ikkje kom overraskande på GIEK.
- Nei, dette har vi sett ville kome, sjølv om oljeprisen fall fortare enn mange trudde.
DOF-direktør Mons Aase sa at utan GIEK hadde skipet vorte bygt i utlandet.
NETT NO kjenner til at det var eit japansk verft Vard-verftet Søviknes kjempa med i sluttrunden om finansieringa av skipet, eit skip som er kalkulert å ha kosta over to milliardar kroner.
GIEK garanterte for 80 % av lånesummen. Resten stod ein fransk bank for.
Ho forvaltar garantiar på 100 milliardar kroner.
- 85 % av dette er tilknytt offshore, olje og gass, seier Nistad.
Energiprosjekt
I første kvartal i år har det vorte ei kraftig dreiing i kva prosjekt det vert søkt støtte til.- Vi får no mange søknader kytt til landbasert energiutbygging. Fleire norske bedrifter er med og kjempar om store oppdrag i land som Myanmar og ulike land i Afrika.
- Det vert spennande å sjå om dei norske selskapa vinn fram.
- Viktig for Norge
Ho meiner at desse prosjekta er viktig for eit Norge i omstilling.- Her er det landindustrien som går i front. Lenge har det vore stor fokus på offshore.
- Folk tenkjer omstilling.
85 milliardar kroner har GIEK garantert for i ulike offshoreprosjekt. No har GIEK bokført avsetningar for framtidige tap.
- Dette er ikkje realiserte tap, seier Nistad.
Forventa oljeprisfall
Ho viser til at 80 % av selskapa som har fått garantiar er i arbeid.- Vi veit ikkje kor mange som ikkje vil klare å innfri låneforpliktelsane, men vi er innstilte på at det vert ein del tap.
GIEK (Garanti-instituttet for eksportkreditt) stiller garanti og forsikring for eksport av norske varer. Garantiane dekkjer både kommersiell risiko og politisk risiko.
Nistad seier at problema for offshorenæringa ikkje kom overraskande på GIEK.
- Nei, dette har vi sett ville kome, sjølv om oljeprisen fall fortare enn mange trudde.
Sikra norsk bygging
GIEK stiller for første gang med eige stand på Nor-Shipping. Tysdag kom GIEK i fokus under kåringa av DOF-skipet Skandi Africa til Ship of the Year.DOF-direktør Mons Aase sa at utan GIEK hadde skipet vorte bygt i utlandet.
NETT NO kjenner til at det var eit japansk verft Vard-verftet Søviknes kjempa med i sluttrunden om finansieringa av skipet, eit skip som er kalkulert å ha kosta over to milliardar kroner.
GIEK garanterte for 80 % av lånesummen. Resten stod ein fransk bank for.
Folk tenkjer omstilling
Publisert: 14.04.2016 13:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44





