Ni faar reise fraa Murmansk i dag
MURMANSK: Ni av mannskapet på 17 på reketrålaren Remøy startar i dag på heimreisa frå Murmansk. Her er mannskapet som 17. mai fekk seg ein opptur då dei fekk sge ein tur på land i regi av det norske konsulatet.  Framme ser vi Joakim Nerland og Jermund Hide. Bak frå venstre står Kåre Elvesæther, Berit Johanne Håvoll, Joakim Djupvik, Håvard Vågsholm Sævik, Robin Røssevold og Joar Nerland.
Nytt

Ni får reise frå Murmansk i dag

Ni av mannskapet på den arresterte reketrålaren Remøy startar i dag på heimreisa frå Murmansk.

25.08.2017
Etter at Herøy-båten Remøy har lege i arrest i vel to veker i Murmansk, kan ni av mannskapet på 17 i dag starte på heimreisa. Dette opplyser skipper Kjetil Ervik frå Giske.
- Det er mannskapet sjølv som har avtalt seg imellom kven som får reise heim.
- Unntaket er for dei som er i sertifikatpliktige stillingar. Dei må få avløysar på plass før dei kan forlate båten, seier Ervik.

Hamna i storpolitikk

Det er det norske konsulatet i Murmansk som har organisert heimreisa for dei ni. Desse skulle eigentleg reise heim 11. mai etter at båten hadde lossa rekelasten i Tromsø. Men i staden vart det lange dagar i Murmansk etter at det viste seg at båten ikkje hadde fått godkjenning for rekefiske etter at Fiskeridirektoratet hadde gløymt å krysse av dette på lisenspapira.
Deretter kom det eit kausjonskrav på 90 millionar kroner frå russiske styresmakter til Fosnavåg-reiarlaget Remøy Havfiske, og dei 17 fiskarane om bord hamna i eit storpolitisk dilemma mellom Norge og Russland.
Les her:

Mange sunnmøringar

Det er femten nordmenn og to færøyværingar om bord i Remøy. Dei fleste av nordmennene kjem frå Sunnmøre.
Berre ni av dei har fått forlate båten under arresten i Murmansk. Det skjedde 17. mai då dei som hadde med seg pass fekk kome på land og få ein i regi av det norske konsulatet. Resten av mannskapet har vore om bord heile tida.

Minibuss

Kjetil Ervik seier at tida har gått mykje med til å sjå TV, surfe på internett og halde kontakt med familie.
Reisa i dag går først med minibuss dei 23 mila det er frå Murmansk til Kirkenes. Der vert det overnatting og fly frå Kirkenes lufthamn og heim på fredag.

Klare til å gå på kort varsel

Tilbake om bord vert sikkerheitsbemanninga på åtte mann.
- Vi må vere nok til å bemanne brannstasjonar og liknande.
- Vi ønskjer sjølvsagt også å vere operative til å gå heim på kort varsel, seier Ervik.

For anker

Båten ligg oppankra inne på hamna i Murmansk.
- Vi ligger til ankers ganske nær land, og vi må av og til starte motoren og vere i beredskap.
- Her er av og til vind og straum, og ikkje verdas beste feste for ankeret, seier skipper Ervik.

Stor ros

Ervik og resten av mannskapet får stor ros frå dagleg leiar Kristin Remøy i Remøy Havfiske for korleis dei har takla situasjonen.
- Det er ein vanskeleg situasjon for mannskapet, men dei har vore heilt fantastiske. Dette motiverer oss ekstra for å finne ei løysing fort.
- Vi er skikkeleg stolte av mannskapet.
Remøy seier at det har vore ei vanskeleg tid også for familiane heime, i tillegg til dei som skulle avløyse mannskapet etter levering i Tromsø 11. mai.
- No håpar vi verkeleg at denne uverkelege saka snart er over.

Store tap

I tillegg til at reiarlaget taper store summar kvar dag båten ikkje er i arbeid, medfører det også tapte inntekter for fiskarane ettersom dei har lottsystem basert på samla fangst.
Remøy Havfiske har hyrt inn advokatar både i Russland og Norge for å bistå.
Bistår gjer også Fiskebåt og norske styresmakter.
- Norske styresmakter tek saka på stort alvor og følgjer den tett, seier pressetalsperson Astrid Sehl i Utanriksdepartemetet til NETT NO.
Astrid Sehl understrekar at saka er under behandling i det russiske rettsvesenet.
- Vi vurderer fleire handlingsalternativ og er i dialog med representantar for reiarlaget.

Publisert: 25.08.2017 22:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10