Ni bilar for Kystruten usikkert for Hurtigruten
BILAR: Havila Kystruten-direktør Arild Myrvoll forsikrar at selskapet sine fire skip vil ta med seg bilar på strekninga Bergen - Kirkenes.
Nytt

Ni bilar for Kystruten - usikkert for Hurtigruten

Havila Kystruten sine fire skip skal ta med seg bilar. Hurtigruten er i tenkeboksa om dei skal gjere det same.

16.08.2019
Havila Kystruten opplyser i ei pressemelding at deira fire Kystruten-skip skal ha plass til ni bilar.
Avklaringa kjem etter at det har vore spekulasjonar om dei fire skipa til Herøy-selskapet ikkje vil bli tilrettelagde for bilar.

Ni bilar og 190 pallar

Blant anna har SV-politikar Mona Fagerås tatt opp spørsmålet med samferdsleminister Jon Georg Dale.
Men no slår Havila Kystruten-direktør Arild Myrvoll fast at dei fire skipa Havila Capella, Havila Castor, Havila Polaris og Havila Pollux vil ha plass til ni bilar.
- Kvart år vert det frakta 25.000 bilar med skipa som seglar kystruta, og vi veit kor viktig dette er for folk langs kysten og for dei reisande. Difor har vi lagt dette inn som ein del av det tilbodet Havila Kystruten skal gi, seier Arild Myrvoll.
I tillegg opplyser han at skipa vil kunne ta 190 pallar på kystruta mellom Bergen og Kirkenes. 40 av pallane kan også fraktast med kjøling eller frysing.

Ingen krav

Det er ikkje krav om bilkapasitet i avtalen som Samferdsledepartementet har gjort med Havila Kystruten og Hurtigruten.
Kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten seier til at selskapet er i tenkeboksa når det gjeld bilkapasitet.
Hurtigruten har i dag bilkapasitet på alle sine båter med unntak av MS Lofoten.
– Vi i Hurtigruten har tilbode dette som ein ekstraservice til folket langs kysten.
– Då anbudet skulle lysast ut, arbeidde vi hardt for at Samferdselsdepartementet skulle ta med bilkapasitet som ein del av den nye avtalen. Det fekk vi dessverre ikkje gjennomslag for, seier Ege.
Vi veit kor viktig dette er for folk langs kysten og for dei reisande

Publisert: 16.08.2019 16:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32