Nettet opna marknaden
NETTET OPNA MARKNADEN: Marknadsføring på nett og eigen nettbutikk gjer at David Sigurdsson (t.v) og Jan Even Eide når lenger ut raskare og billegare enn småbedrifter kunne før nettet kom.
Nytt

Nettet opna marknaden

David Sigurdsson og Jan Even Eide ligg an til å nesten doble inntektene til Feel Free Production i år. Det hadde ikkje gått utan nettet.

05.12.2017
Sigurdsson og Eide kjøpte konkursbuet etter Holmøy Møbelfabrikk ved Hornindalsvatnet i 2015.
No er dei blitt sju tilsette og når rundt 5,5 millionar kroner i driftsinntekter i år.
Slik hadde det ikkje gått utan nettside og sosiale media.
- Då hadde det vore lokalmarknaden og folk som køyrde forbi, seier Jan Even Eide om kundegrunnlaget.

Nettbutikken dreg kundar

Sigurdsson og Eide starta Feel Free Production i 2014.
Feel Free Production er avdeling av David Sigurdsson as, og også varemerket i selskapet.
Dei to møbelsnikkarane, med fortid mellom anna frå Tonning Møbelfabrikk og Hagen trappefabrikk i Stryn, laga i starten mellom anna fleire butikkinnreiingar til Ricco Vero, og satsar på alt frå oppussing til spesialttilpassa innreiingar.
Med kjøpet av Holmøy Møbelfabrikk tok dei spranget frå å drive ei bedrift med seg sjølv som tilsette, til å utvide produksjonen og satse på vekst. Nettsatsinga omfattar også ein nettbutikk, som først og fremst gir god marknadsføringseffekt.
- Vi har ikkje så mykje bestillingar på nettbutikken, men vi får mange henvendelsar på grunn av den, seier Eide.

Køyesenger

Veksten i år skuldast mellom anna ei ordre på 170 køyesenger til Studentsamskipnaden i Bergen.
Dei siste sengene blei levert i august i år, men så langt ser 2018 ut til å ha fått ein start som er minst like bra som fjoråret. Ordreboka er full til ut i februar, og det er rekord for selskapet, seier Eide.
I tillegg til å drive eigen nettbutikk har Eide og Sigurdsson også eit samarbeid med Frank Willy Utgård i Jarnes.no.
Utgård driv Jarnes Møbler i Hundeidvika, som har satsa på at alt sal skal skje på nettet, gjennom sin eigen nettbutikk, Jarnes.no.
Utgård har også opna butikken for andre, mellom dei naboen Formfin, som testar ut netthandel med ein eigen modell.

Nye vanar

I førre veke fortalde Kristine Landmark i Slettvoll Møbler at selskapet har merka ein klar endring i handlevanane berre siste året.
Folk at gjort meir av jobben på nett, og brukar mindre tid i butikken.

Det er ein observasjon Eide deler.
- Det hadde vore tungt utan nettet. Folk går ikkje frå butikk til butikk for å finne det dei skal kjøpe, seier han.
Det hadde vore tungt utan nettet. Folk går ikkje frå butikk til butikk for å finne det dei skal kjøpe

Publisert: 05.12.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16