Nettbutikkbygda Sykkylven
TOK GREP: Problem med å finne keeperhanskar han likte fekk eks-keeper Kai Lennart Alnes til å utvikle sine eigne. No driv han nettbutikk med keeperhanskar. Ein tredjepart av salet er eksport.
Nytt

Nettbutikkbygda Sykkylven

Etter at Kai Lennart Alnes la keeperkarrieren på hylla satsa han på å gi keeperkollegaer verda over eit godt grep om ballen. Med nettbutikk, i nettbutikkbygda Sykkylven.

24.01.2017
I fjor selde Alnes keeperhanskar for rundt to millionar kroner, 35 prosent av dei til utlandet.
Hanskane og varemerket KLA har han utvikla sjølv, produksjonen skjer i fabrikkar i verdas keeperhanske- og fotball-hovudstad, Silakot i Pakistan, og frå lageret og distribusjonssentralen i Sykkylven pakkar og sender Alnes ut hanskane.
Alnes er lærar og foreløpig er nettbutikken reint fritidsarbeid, men driftsinntektene er likevel oppe i rundt to millionar kroner.
Som aktiv keeper var Alnes ikkje nøgd med hanske-utvalet i butikkane, og det var med på å skape interessa for å finne noko betre.
Det er ei smal nisje han har satsa i, seier Alnes, og nettopp der ligg noko av forklaringa på kvifor nettbutikken Keeperhansker.no går bra. Alnes har rundt 30 ulike modellar å tilby, og det er få stadar i Noreg som er stor nok til at sportsbutikkane vel å ta inn i nærleiken av eit slikt utval.

Pionerbedrift

Lageret til Alnes ligg i ein tidlegare møbelfabrikk i Sykkylven. Der er og Nicolaj Blindheim Brekke med sine to nettbutikkar, flue.no (flugefiskeutstyr) og fangstmann.no (jakt- og fangstutstyr).
Blindheim Brekke er ein av pioneerane i netthandelen og har jobba med netthandel på heiltid heilt sidan han starta flue.no i 2001. I fjor anslår han at driftsinntektene enda på 3,3 millionar kroner til saman.
Mange av produkta har han utvikla sjølv. Fiskeflugene blir produsert i Nairobi i Kenya og feller og fangstutstyr i eige design kjem fra Bulgaria og USA.
Teknologien i starten var både dyr og ustabil, og butikken vart driven meir som ein tradisjonell postordrebutikk i begynnelsen, men tidspunktet får flue.no-etableringa var likevel godt.
- Eg traff veldig godt i den marknaden, seier Blindheim Brekke.

Samarbeid med skulen

Blindheim Brekke og Alnes har to nettbutikkar til som nabo i bygget. Jan Halvard Holmøy, broren Lars Olav og Knut Tore Fausa eig Tind Sport, som driv hardhaussport.no, som både er ein fysisk sportsbutikk og ein nettbutikk.
Tind Sport hadde 1,4 millionar kroner i driftsinntekter i 2015. Det er den fysiske butikken som står for storparten av inntektene. Butikken er eit fritidsprosjekt og nettsatsinga vart redusert då familien auka, seier Jan Halvard Holmøy. Men no er han og dei to andre eigarane i ferd med å inngå ein avtale med entreprenørskapslina på Sykkylven vidaregåande skule om drift av nettbutikken.
- Vi må få opp netthandelen, seier Holmøy.
Han driv og Liverpoolreiser.no, som sel overnatting og fotballkampbillettar.

Balla på seg

Rett over fjorden, på Ikornessida, ligg lager og distribusjonssentralen til rcbutikken.no, som har spesialisert seg på fjernstyrte bilar og helikopter og utstyret som følgjer med.
Dette er storebroren blant nettbutikkane i Sykkylven, med ein tilsett på heiltid for å ta unna arbeidet på lageret. Knappe 20 millionar kroner var driftsinntektene i 2015 og resultatet før skatt enda på to millionar kroner.
- Det starta i 2004 ved ei tilfeldigheit, seier grunnleggar, dagleg leiar og medeigar Thor-Ole Oterhals.
Han hadde kjøpt tre fjernstyrte helikopter. To vart seld vidare for å finansiere det første.
- Sidan balla det på seg, seier Oterhals.
I 2012 fekk han inn Stein Tore Eikeset, med erfaring frå nettbokhandelen Haugenbok.no, som partnar.
Oterhals er reknskapsførar og både han og Eikeset jobbar med rcbutikken.no på fritida.

Møblar på nett

I Hundeidvika driv Vassendgutane-gitarist Frank Willy Utgård to nettbutikkar, ein for gitarutstyr (gitarist.no) og ein for møblar (jarnes.no).
Selskapet bak gitarist.no - Garibaldi as - hadde nesten to millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 0,2 millionar kroner i fjor.
Utgård er også medeigar i den vesle møbelprodusent Jarnes Møbler og i netthandelselskapet Jarnes.no as, som starta i slutten av 2016. Målet er at storparten av salet frå fabrikken skal skje over nett. Det blir ingen fysiske butikkar. I staden er Utgård i ferd med å bygge opp eit nett av forretningar - mellom anna kles- og blomsterbutikkar - der Jarnes-møblane er utstilt for kundar som vil sjå og sitte på før dei handlar på nettet.
I 2015 hadde Jarnes Møbler 1,1 millionar kroner i driftsinntekter og eit underskot på 0,3 millionar. I år ventar Utgård eit sal på rundt tre millionar kroner.

Publisert: 24.01.2017 06:00

Sist oppdatert: 12.03.2021 15:49

Mer om