Nesvik orienterer om Brexit
BREXIT: Sist torsdag var fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik i London og diskuterte Brexit. Tysdag informerer han næringslivet i Møre og Romsdal.
Nytt

Nesvik orienterer om Brexit

Kjem til Ålesund for å informere næringslivet om Brexit-status.

17.09.2019
Neste tysdag kjem fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik til Ålesund for å informere næringslivet i Møre og Romsdal om siste nytt frå Brexit-forhandlingane. Britane skal etter planen ut av EU 31. oktober.
Det er NHO Møre og Romsdal og Sjømat Norge som arrangerer møtet mellom bedriftene og statsråden.
- Det eksportretta næringslivet i Møre og Romsdal held pusten og følger spent med på situasjonen kring Brexit.
- Derfor er vi glade for at fiskeri- og sjømatminister Nesvik tek seg tid til å kome til Ålesund for å informere om status, ein drøy månad før den endelege avgjerda, seier seniorrådgiver Pål Bakke i NHO Møre og Romsdal, i ei pressemelding.
Han viser til at britane er Noregs viktigste handelspartner i Europa. Ni prosent av all eksport fra Møre og Romsdal går til Storbritannia og i 2017 eksporterte bedriftene i fylket varer for rundt seks milliarder kroner til den britiske marknaden, utanom olje og gass.

Møre og Romsdal er landets største eksportør av fisk og det er store verdiar og arbeidsplassar i spel, særleg innan sjømatnæringa.
- Vi veit at norske styresmakter har tett dialog med britane og dei har gjort ein god jobb med å sikre førebelse avtalar dersom Storbritannia forlet EU. Men det er fortsatt stor uvisse i næringslivet om korleis Brexit vil slå ut i praksis, seier Bakke.
I tillegg til fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik, får deltakarane på NHO Morgenkaffe innlegg med Tore Myhre i NHO si utanrikspolitiske avdeling og adm. dir. Knut Helge Vestre i Coldwater Prawns of Norway.
Det eksportretta næringslivet i Møre og Romsdal held pusten

Publisert: 17.09.2019 15:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39