Nesten milliard minus for Rolls Royce
TØFFE TIDER: Styreleiar Mikael Mäkinen i Rolls-Royce Marine har tre år på rad i minus bak seg, men eit samla underskot på 1,7 milliardar kroner.
Nytt

Nesten milliard-minus for Rolls-Royce

Driftsinntektene fall med knappe 700 millionar kroner i 2015, og underskotet auka nesten like mykje.

14.09.2016
Ordreinngangen i 2015 var svakare enn venta skriv Rolls-Royce Marine i årsrapporten for 2015. Det er same bodskapen selskapet hadde i årsrapporten for 2014.
I 2013 hadde Rolls-Royce Marine, som er Rolls-Royce-konsernet sitt norske dotterselskap 10 milliardar kroner i driftsinntekter. I fjor var dei redusert til 7,7 milliardar kroner.
Med underskotet før skatt på 956 millionar kroner i 2015, er det samla underskotet dei tre siste åra kome opp i 1,7 milliardar kroner.

Aukar på utvikling

Då oljeprisen fall og oppdragsmengda krympa lova Rolls-Royce Marine at satsing på forsking og utvikling ikkje skulle bli skadelidande, trass i store kostnadskutt. Tvert i mot, forsking- og utviklingsinnsatsen skulle auke, for å stå sterkare etter nedturen.

I 2014 brukte Rolls-Royce Marine 146 millionar kroner på forsking og utviklingsarbeid i 2014. I fjor auka satsinga til 158 millionar kroner, i følgje årsrapporten.

Må vente

Først i 2018 ventar Rolls-Royce Marine eit vesentleg oppsving i marknaden. Det var bodskapen då Yrjar Garshol, marknadsdirektør i Rolls-Royce Marine møtte internasjonal presse i Ålesund i september i fjor.

I årsrapporten for 2015 skriv Rolls-Royce Marine at marknaden er "utfordrande" på kort sikt, men at selskapet på lengre sikt ventar vekst i etterspørselen og reknar framtidsutsiktene som gode.

Færre folk

Med kontor og produksjonsanlegg i Haram, Hareid, Ulsteinvik og Ålesund er Rolls-Royce ein av dei største private arbeidsgivarane på Nordvestlandet. Selskapet har og motorfabrikk i Bergen og ei avdeling i Trondheim.
Verksemda femner om skipsdesign, utstyr- og maskinproduksjon.
I fjor hadde selskapet 2028 tilsette i gjennomsnitt, ned frå 2126 i 2014.

Publisert: 14.09.2016 11:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00