Nesten full stopp utan oppdrett
OPPDRETT GIR JOBBAR: Fleirtalet av kontraktane norske verft har inngått i år er med oppdrettsbransjen. Biletet viser brønnbåtar under utrustning ved Larsnes Mek. Verksted. 
Nytt

Nesten full stopp utan oppdrett

Av dei 12 større byggekontraktene norske skipsverft har inngått i år kjem sju frå oppdrettsbransjen.

28.08.2020
Oversikta over ordreinngangen hos norske skipsverft viser at det er offentleggjort fire brønnbåtkontraktar, tre kontraktar om bygging av arbeidsbåtar for oppdrettsnæringa, tre fiskebåtkontraktar og to hurtigbåtkontraktar så langt i år.


Det er sals- og marknadsføringsorganisasjone Norske Skipsverft som har gjort kartlegginga, og den omfattar alle offentlegjorte kontraktar på over 50 millionar kroner per fartøy.

Berre eitt oppdrag til dei store

Med unntak av to fiskebåt-kontraktar til Vard har ingen av dei store verfta - Ulstein Verft, Kleven og Havyard - fått nye nybyggingsoppdrag i år.

I tillegg til Vard har desse fått i oppdrag i år: Brødrene Aa (to hurtigbåtar), Sletta Verft (to arbeidsbåtar til oppdrettsnæringa), Myklebust Verft (to brønnbåtar), Larsnes Mek. Verksted (ein brønnbåt), Stadyard (ein fiskebåt), Salthammer Båtbyggeri (ein arbeidsbåt til oppdrettsbransjen) og Aas Mek. Verksted (ein brønnbåt).

For lite

Til samanlikning enda 2019 med i alt 26 kontraktar, på tilsaman åtte milliardar kroner for skipsverfta.
Det er nokså lavt i ein historiske samanheng og for lite til å unngå at ordreboka krympar hos verfta.
Den lave ordreinngangen i fjor skuldast delvis at det i 2018 blei inngått heile 48 kontraktar for i alt 25 milliardar kroner. Det var rett og slett litt trangt om plassen hos verfta i fjor, i alle fall i starten av.

Samlar bransjen

Analyseselskapet Menon Economics har nyleg offentlegjort ein rapport som teiknar eit dysterte bilete av situasjonen for skipsverfta.

Når den årlege Klyngekonferansen for den maritime næringa blir arrangert i Ålesund torsdag 24. september kjem Menon Economics med ein ny rapport, som tek temperaturen på økonomien og forventningane hos dei maritime bedriftene på Nordvestlandet. Den analysen omfattar både reiarlag, verft, skipsdesignseskap og utstyrsleverandørar.

Publisert: 28.08.2020 06:00

Sist oppdatert: 27.02.2021 14:51