Nesten full stopp i flytrafikken
HOVDEN: Eit Widerøe-fly inn for landing på Hovden, eit nokså sjeldan syn under koronakrisen.
Nytt

Nesten full stopp i flytrafikken

Flytrafikken er siste vekene redusert med 95 prosent. Det merkast på Vigra, Hovden og Anda.

08.04.2020
Koronakrisa har ført til nesten full stopp i flytrafikken. Avinor opplyser at siste vekene er flytrafikken redusert med 95 prosent, og anslår ein nedgang i påska på 90-95 prosent.
Månadsstatistikken for mars viser dramatiske fall både på Vigra, Hovden og Anda, sjølv om koronatiltaka berre galdt halve mars.

Stor svikt

Totalt reiste det i mars 40.170 passasjerar over Ålesund lufthamn Vigra. Dette er heile 57,9 prosent færre enn mars året før.
Svikten var likt fordelt på inn- og utland. Hittil i år har det reist 200.559 passasjerar over Vigra, 21,7 prosent færre enn etter tre månader i fjor.

Verst på Anda

Over Ørsta Volda lufthamn Hovden reiste det i mars 4.417 passasjerar, noko som var 55,4 prosent færre enn mars i fjor.
Hittil i år er svikten på 23,8 prosent.
Størst fall har Anda lufthamn Sandane. Her reiste det i mars 1.348 passasjerar, 60,9 prosent færre enn i mars i 2018. Hittil i år er svikten på 29 prosent.
Avinor opplyser at i mars vart det gjennomført 1 985 805 reiser over Avinors flyplassar.
Dette er ein reduksjon på 20,9 prosent samanlikna med året før, og nedgangen skuldast koronasituasjonen.

I denne episoden kan du høyre regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal og direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal snakke om korleis bedriftene blir treft av koronakrisa - og kva som blir gjort for å hjelpe dei.

Publisert: 08.04.2020 09:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56