Nesten alle Ulstein eigarane blir med
SIKRA OPPDRAG: Utan lån på til saman 300 millionar kroner frå DNB, Innovasjon Norge og aksjonærane "ville det blitt veldig krevande" å sikre seg , seier styreleiar Tore Ulstein i Ulstein Group. 
Nytt

Nesten alle Ulstein-eigarane blir med

Eigarane av over 90 prosent av aksjane i Ulstein Group er med på kapitalutvidinga i selskapet.

10.07.2018
Generalforsamlinga i selskapet sa i starten av juni ja til at Ulstein Group låner i alt 300 millionar kroner for å sikre drift og evne til å ta på seg nye oppdrag.
150 millionar er eit lån frå DNB og Innovasjon Norge, 150 millionar kroner er det konvertible lånet frå eigarane.
No viser det seg at hovudtyngda av eigarane blir med på lånet.
- Det er utruleg gledeleg at så mange ville vere med vidare, seier styreleiar Tore Ulstein.
Han og søskena er største aksjonær i Ulstein Group, og Ulstein seier dei la vekt på å informere om at det er risiko knytt til investeringa. Difor var han og spent på responsen.

- Vi var veldig spent på kor mange som ville vere med, seier Ulstein.
Lånet skal innfriast etter fem år, og etter ein kort overgangsperiode kan lånet gjerast om til aksjar.

Over 90 prosent

Alle eigarane fekk tilbod om å vere med som långivar, der kvar einskild sin andel av lånet skulle samsvare med eigarandelen i konsernet. Om alle takka ja og deretter gjorde om lånet til aksjar ville eigarstrukturen i Ulstein Group ikkje bli endra.
Då fristen gjekk ut hadde eigarane av over 90 prosent av aksjane i Ulstein Group takka ja til å bli med, i følgje kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim i Ulstein Group.
Styret i selskapet har avgjort at den andelen av lånet som ikkje blei teikna skal fordelast på dei aksjonærane som har overteikna seg, fordelt etter storleiken på andelen dei har i selskapet.

Stilte garanti

Før kapitalinnhentinga eigde Ulsmo 57,69 prosent av aksjane i Ulstein Group, og hadde ein stemmerettsandel på 67,78 prosent.
Ulsmo er selskapet til søskena Gunvor, Tore, Ingerid, Idar Marius og Vegard Ulstein.
Ulsmo forplikta seg på førehand til å betale heile summen på 150 millionar kroner dersom resten av aksjonærane ikkje vil vere med på lånet.
Det er utruleg gledeleg at så mange ville vere med vidare

Publisert: 10.07.2018 15:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24