Nesten 1400 jobbar borte i fjor
IKKJE JOBBAR AV SLIKT: Rem Fortress i opplag på Vartdal i sommar. Offshorereiarlaga kutta bemanninga med 12 prosent i fjor.
Nytt

Nesten 1400 jobbar borte i fjor

I løpet av 2015 vart det 12 prosent færre jobbar i bedriftene i den maritime klynga i Møre og Romsdal.

01.10.2016
Nesten 1400 jobbar blei borte i 2015, viser analyseselskapet Menon Business Economics sin ferske rapport om tilstanden i dei maritime bedriftene i Møre og Romsdal.
Både målt i driftsinntekter og arbeidsplassar er desse bedriftene den viktigast gruppa i næringslivet på Nordvestlandet.
Rapporten vart lagt fram på Klyngekonferansen i Ålesund i går og teiknar eit dystert bilde av sysselsettingseffekten av oljenedturen, som først og fremst har råka bedriften i maritime bedrifter som er eller har vore retta mot oljenæringa.
Nedgangen i sysselsettinga i dei maritime bedriftene var på 7,8 prosent i fjor, og talet på tilsette i 2015 var 16.219 personar i 2015.

Færre sjøfolk

I 2014 var det offshorereiarlaga som sysselsette flest i den maritime klynga. Men etter ein nedgang på 12 prosent, til 4561 personar, er det no utstyrsprodusentane (av maskiner, propellar ol.) som er størst, med 4961 personer, etter ein nedgang på tre prosent i bemanninga frå 2014 til 2015.
Verfta hadde den største nedgangen i driftsinntekter ifjor, minus 25 prosent, men altså ikkje den største nedgangen i sysselsetting.

Hos verfta var det kutta ni prosent ifjor, til 3785 stillingar, medan servicebedriftene kutta sju prosent, til 3373 personar.

Tung klynge

Trass nedbemanningane er dei maritime bedriftene framleis den tyngste næringsklynga i Møre og Romsdal. Men den kan neppe rekne med å styrke seg i år, og Erik Jakobsen i Menon Business Economics konkluderte i sin presentasjon med at klynga har fleire tøffe år føre seg.

Driftsinntektene går ned over heile fjøla og det gjer også lønsemda, som starta å falle i 2011, sjølv om veksten i driftsinntektene held fram til og med 2014.

Publisert: 01.10.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:01