Nergaard byggjer nytt
HALV MILLIARD: Prisen for Nergårdkonsernet sin nye trålar blir i nærleiken av ein halv milliard kroner ventar konsernsjef Tommy Torvanger i Nergårdkonsernet.
Nytt

Nergård byggjer nytt

I slutten av februar får Nergårdkonsernet levert sitt første nybygg sidan år 2000. Bestiller ytterlegare nybygg i løpet av få veker.

23.01.2020
- Når vi skal bygge ny båt då kjem vi til Ålesund, sa konsernsjef Tommy Torvanger i Nergårdkonsernet på Blue Legasea-konferansen "Blå Skaperkraft" på NMK i dag.
Det er heile miljøet, frå skipsdesignarar til verft, som trekkjer Nergårdkonsernet til Ålesundsregionen fortalde Torvanger.

Blir norsk verft

Nergårdkonsernet har ein båt under bygging hos Vard Brattvåg. Den skal leverast 28. februar.

Også den nye båten skal byggast hos eit norsk verft, seier Torvanger, men vil førebels ikke opplyse meir om kven konsernet inngår kontrakt med.

Halv milliard

Prisene for trålaren Nergårdkonsernet får levert neste månad er omlag 400 millionar kroner.
Prislappen på den nye blir nærare ein halv milliard kroner, ifølgje Torvanger. Fiskebåtar er blitt dyrare sidan våren 2018, då konsernet skreiv kontrakt for trålaren som nesten er klar.
- Ut i frå det vi høyrer har prisane gått betydeleg opp, seier Torvanger.

Politisk val

Den nye trålaren skal bli 80 meter lang og 17 meter brei. Det er same mål som trålaren Nergårdkonsernet snart får overlevert, og den nye trålaren vil også bli utstyrt med tankar for levandelagring av fisk.
Det er fleire grunnar til at Nergård vil bygge i Noreg, mellom anna tryggleik for kvalitet og levering i tid. Det ligg også ei politisk vurdering bak, mellom anna i lys av den pågåande debatten om skattlegging og fordeling av fiskekvotar,.
- Det er viktig å vise kva verdiar vi skaper, seier Torvanger.

Publisert: 23.01.2020 13:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51