Nei til promilletesting ved Ulstein Verft
PROMILLE: Dei tilsette ved Ulstein Verft vert ikkje promilletesta. Hos naboverftet Kleven har ein derimot innført tilfeldig promilletesting av tilsette. 
Nytt

Nei til promilletesting ved Ulstein Verft

Havyard har det, Larsnes Mek. har trua med det, men ved Rolls-Royce og Ulstein Verft er det uaktuelt med promilletesting av tilsette.

12.05.2015
- Vi ser ikkje dette som eit stort problem hos oss, seier HR-direktør Torild Bugge ved Ulstein Verft.
Kleven har i lengre tid hatt tilfeldige promilletestar av både eigne tilsette og innleigde arbeidarar. Måndag fekk dette konsekvensar for tilsette som vart sende heim etter å ha gjennomført blåsetest.

Betre oversikt

Bugge seier at ho forstår at Kleven vurderer dette annaleis enn Ulstein.
- Hovudskilnaden er at Kleven har mange fleire innleigde arbeidarar enn det vi har på Ulstein. Dermed har vi også betre oversikt over alle tilsette som er innom portane.

Færre ulukker mellom innleigde

Bugge seier at alle som arbeider ved verftet har obligatorisk HMS-opplæring (helse, miljø og sikkerheit) før dei startar arbeidet. Det gjeld også innleigde.
Ei nasjonal undersøking viste nyleg at det var overvekt av innleigde arbeidarar ved arbeidsulukker ved verfta. Dette stemmer ikkje hos Ulstein.
- Her har vi færre skadar mellom innleigde enn mellom fast tilsette.
Ulstein Verft har i dag rundt 400 eigne tilsette.
- I tillegg har vi rundt 100 på entreprisekontrakt, seier Bugge.

Uaktuelt på Larsnes

Ved Larsnes Mek. Verksted på Larsnes seier verftsdirtektør Jarle Gunnarstein at ein har trua med å innføre promillekontroll, men at det aldri har vorte noko av det.
- Dette handlar også mykje om å kunne stole på folk.
Han forstår at Kleven har innført ei slik ordning, men seier at det er uaktuelt slik situasjonen no er ved Larsnes Mek. Verksted.
- Vi har hatt maksimalt 100 tilsette innom verftsportane, der 47 er eigne tilsette. Vi meiner vi har god kontroll.

Testing hos Havyard

Ved Havyard Leirvik har dei tilsette derimot vorte promilletesta i fleire år.
- Dette har vi gode erfaringar med, og dette kjem vi til å halde fram med, seier konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group.
Ved Rolls-Royce sine bedrifter er det derimot ingen promilletesting.
- Det er ingen promilletesting hos oss. Plasssjefane seier at det ikkje er behov for det, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk.
Dette handlar også mykje om å kunne stole på folk

Publisert: 12.05.2015 10:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44