Nei til Volstad i Strasbourg
FEKK NEI: Eivind Volstad vann i to rettsinstansar, men tapte i Høgsterett. Menneskerettsdomstolen i Strasbourg seier nei til å behandle klagen.
Nytt

Nei til Volstad i Strasbourg

Menneskerettsdomstolen i Strasbourg vil ikkje handsame klagen frå fiskebåtreiar Eivind Volstad.

28.01.2015
Etter over sju års konflikt har den europeiske menneskerettsdomstolen sett punktum for striden mellom Volstad og staten.
Volstad sin advokat, Stein Owe i advoktafirmaet Dalan, fekk meldinga rett etter årskiftet i år.
- Den slapp ikkje inn, saka er stoppa, seier Owe.
Avslaget er ikkje grunngjeve, men Owe seier nålauget for å kome inn er svært trangt.

Gjorde om vedtak

Både tingretten og lagmannsretten kom til at tidlegare fiskeriminister Helga Pedersen (Ap) braut grunnlova sitt forbod mot lovendring med attendeverkande kraft då ho endra reglane for kjøp av fiskekvotar i 2007.
Volstad var ein av dei som hadde nytta høvet til å samle større kvotar på færre farty. Det gjorde han etter at Pedersen sin forgjengar, Svein Ludvigsen, opna for at dei overførte kvotane kunne behaldast til all tid. Pedersen var usamd i den politkken, og endra reglane med attendeverkande kraft, slik at ingen fekk behalde dei overførte kvotane i meir enn 25 år.
I høgsterett fekk staten medhald i striden med Eivind Volstad, med ni mot åtte røyster. Dommen kom onsdag 23. oktober 2013. Du kan lese heile dommen .

Hausta applaus

Fiskebåt, organisasjonen for eigarane av havfiskeflåten, såg på Volstadsaka som ei prinsippsak som vedgjekk fleire reiarlag, og støtta han i rettsprosessen.
Volstad sin advokat hausta applaus då ha varsla på årsmøtet til Fiskebåt i februar 2014 at saka ville bli klaga inn for den europeiske menneskerettsdomstolen.
Klagen var knytt til vernet av eigedomsretten i den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Uklar presedens

Dommen i høgsterett kan opne for at eit vedtak om overføring av fiskekvotar til færre farty kan gjerast om av etterfølgjaren, med attendverkande kraft.
- Det kan sjå slik ut ut frå denne dommen, seier Owe.
Han meiner det kan likevel vere usikkert i kor stor grad dommen skaper presedens.
For det første må det vere snakk om like saker. For det andre kan oppfatninga av den rettslege statusen for fiskerettigheitene, vernet av eigedomsretten etter den europiske menneskerettskonvensjonen og grunnlovsforbodet mot lover med attendeverkande kraft, endre seg over tid. Det vil kunne endre handsaminga av liknande saker i framtida, meiner Owe.
Den slapp ikkje inn, saka er stoppa

Publisert: 28.01.2015 11:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40