Nei til Moltu bod
TVANGSAL: I fjor vår ville Edgar Sandanger (biletet) selje deler av anlegget På Moltustranda for å sikre vidare drift i produksjonsselskapet Sunsea og salsselskapet Sunsea Seafood. Slik gjekk det ikkje, dei to selskapa blei slått konkurs og eigedomen langt ut for sal.
Nytt

Nei til Moltu-bod

Innovasjon Norge sa nei til bodet på fiskeriindustrianlegg på Moltustranda.

18.02.2019
Advokat Jørund Knardal stadfestar at han har fått inn eit bod på 2,2 millionar kroner for anlegget, som sist husa fiskeriverksemda til Edgar Sandanger. Det er ikkje nok, meiner Innovasjon Norge, som saman med Skatteoppkrevaren i Herøy og Skatt Midt-Norge har kravd tvangssal av eigedomen.
Etter at Innovasjon Norge sa nei takk til bodet, vil Knardal arbeide vidare for å få eit høgare bod.
- Det er fleire som er interessert, seier han.
Fristen for å gi bod er opphavleg sett til slutten av februar.

Verdsett til 5,5 millionar

Eigedomen omfattar røykeri, pelagisk fiskemottak, fryseri og kaier. Kaiene er dels i betong og dels i tre, med ni meters djupn ved betongkaia.
Blant dei interesserte er det fleire med tilknytning til fiskeri- og sjømatnæringa.
Taksten på eigedomen er 5,5 millionar kroner. Innovasjon Norge har eit tinglyst pant på 20 millionar kroner i eigedomen.

Konkurs

Driftselskapet Sunsea og salsselskapet Sunsea Seafood, med Edgar Sandanger som stor eigar, held til i bygget fram til selskapa blei slått konkurs.

Det er Sunnmøre Eiendom Moldtu as som eig eigedomen. I følgje proff.no er Edgar Ove Sandanger og Platina Risk Management største aksjonærar i eigedomselskapet.

Publisert: 18.02.2019 08:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31