Negativt stemningsskifte personleg optimisme
OPTIMISTAR PÅ EIGNE VEGNE: Pessimisme på norsk økonomi sine vegne har ikkje svekka folks optimisme på eigne vegne viser Forventningsbarometeret for fjerde kvartal frå Finans Norge. 
Nytt

Negativt stemningsskifte, personleg optimisme

Nordmenn er meir skeptiske med tanke på Noregs økonomi no enn for tre månader sidan, men har klokkartru på eigen privatøkonomi, viser Forventningsbarometeret.

19.11.2019
NPK-NTB: Det er eit breitt stemningsskifte i negativ retning i alle grupper av befolkninga, viser Forventningsbarometeret for fjerde kvartal.
– Det har vore mykje snakk om svak norsk krone blant økonomane no i haust, og det er mogleg det har påverka folks vurdering av norsk økonomi. På den andre sida har ein antakeleg òg fått med seg at ei svak norsk krone er bra for eksportindustrien, noko som kan gi auka jobbtryggleik, seier administrerande direktør Idar Kreutzer i Finans Norge.
Forventningsbarometeret er eit kvartalsvis samarbeid mellom Finans Norge og Kantar TNS. Barometeret måler forventningane norske hushald har til eigen økonomi og økonomien i landet og består av fem enkeltindikatorar (spørsmål) som blir samla i ein hovudindikator.

Svak krone påverkar

Eit positivt tal betyr at det er fleire optimistar enn pessimistar, og storleiken på talet viser kor mange fleire det er i den eine eller den andre gruppa. For fjerde kvartal, som vi no er halvvegs gjennom, er hovudindikatoren på 13,4, ned frå 15,0 for tre månader sidan.
Sidan 2013 har trenden vore at norske kroner har svekt seg. I 2013 var prisen rundt 7.50 kroner for ein euro, medan no må du ut med litt over 10 kroner. Det er ei kraftig svekking og eit uttrykk for at utlendingar i stadig større grad vel bort norske kroner. Nedgangen i forventningane kan tyde på at dette er i ferd med å søkke inn, ifølgje Kreutzer.

Klokkartru på eigen økonomi

Sjølv om norske hushald har vorte mindre optimistiske i si økonomiske framtidstru, er trua på eigen privatøkonomi framover framleis positiv og stig noko. Men nordmenn vurderer samtidig sin eigen økonomi sist år som noko meir negativ.
Kreutzer trur dette kjem av renteaukane til Noregs Bank.
– Samtidig har vi fått med oss at Noregs Bank har varsla stans i ytterlegare renteoppgang, og at ein spår eit brukbar lønnsoppgjer neste år, seier Kreutzer.

Sparerekord

Forventningsbarometeret viser samtidig at spareønsket til hushalda er på det høgaste nokosinne. Finans Norge trur dette kjem av ei aukande forståing av at det er viktig å spare til pensjonisttilværet.
Tala viser framleis at veljarar som stemmer på regjeringspartia, er langt meir optimistiske enn dei som stemmer med opposisjonen. Dette kvartalet har likevel begge sider jamt over eit sterkt fall i trua på den økonomiske utviklinga framover.

Publisert: 19.11.2019 08:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45