Nedtur for lokale bryggeri
TØFF KONKURRANSE: Dei store bryggeria lanserte produkt som likna på øl frå småbryggeri. Det var med på å gjere konkurransen tøffare, seier Øyvind Grimstad Gryt (t.h.), Han og kompanjongen Anders Grimstad i Grim & Gryt Økobryggeri måtte kaste inn handkleet i fjor. Jørund Ringset i Trollbryggeriet trur på ytterlegare avskalling blant småbryggeria.
Nytt

Nedtur for lokale bryggeri

I 2016 meir enn dobla dei lokale bryggeria inntektene, men sleit med lønsemda. I fjor krympa salet også.

22.09.2018
Etter konkursen i Grim & Gryt Økobryggeri i fjor haust er det seks lokale bryggeri att på Nordvestlandet.
Til saman auka dei seks driftsinntektene frå 3,3 til 8,5 millionar kroner frå 2015 til 2016.
Frå 2016 til 2017 gjekk dei samla driftsinntektene til dei seks ned til 8,3 millionar kroner, og resultatet før skatt fall frå minus 0,5 til minus 1,2 millionar kroner.

Gjekk konkurs

I fjor haust møtte Grim & Gryt Økobryggeri på Hareid veggen
Ikkje solid nok finansiering frå start, produksjonsproblem og at dei store bryggeria byrja å lage øl som likna på produktar frå små bryggeri er grunnen til konkursen, seier Øyvind Grimstad Gryt, som var ein av grunnleggarane av bryggeriet.

Tung investering

Trollbryggeriet i Liabygda var først ute og er framleis størst blant bryggeria på Nordvestlandet, men har to tunge år baks seg, med tilsaman 1,9 millionar kroner i underskot dei to siste åra.
For to og eit halvt år sidan skifta selskapet ut bryggeriutstyret og pussa opp bryggeribygget med eige selskapslokale. Då var småbryggeri-bransjen framleis i sterk vekst, men fallande veksttakt etterpå har gjort at selskapet ikkje fekk den inntektsauken det såg for seg då investeringa blei beslutta.

Så langt i år har bryggeriet eit sal som ligg ein halv million kroner over tilsvarande periode i 2016, og dagleg leiar Jørund Ringset seier han har forventningar om ytterlegare salsauke i haust.

Generell trend

Tøffare tider for små bryggeri er ein landsomfattande trend.
Statistikk frå Bryggeri- og drikkevareforeningen viser ein auke i salet av øl i Noreg til og med juli i år samanlikna med same periode i fjor, men nedgang for småbryggeria.
Direktør Petter Nome i i foreininga seier han prispresset i marknaden har blitt tøffara, og at det og er noko mindre bryggeri merkar.

Publisert: 22.09.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26