Nedskrivingar gir minus for Island Drilling
TENER PENGAR: Island Innovator gir overskot for Island Drilling med dagens kontrakt med oljeselskapet Lundin, men selskapet skriv likevel ned verdien av riggen med nesten ein halv milliard kroner.
Nytt

Nedskrivingar gir minus for Island Drilling

Ein elendig riggmarknad gjer at Island Drilling skriv ned verdien på riggen med 61 millionar dollar, over 490 millionar kroner.

10.03.2015
Nedskrivinga av verdien på Island Innovator i fjerde kvartal snur overskot til underskot i 2014 for det einaste riggselskapet på Sunnmøre.
Fjerde kvartal åleine enda med eit underskot før skatt på 51 millionar dollar. Utan nedskrivinga ville resultat vore ti millionar dollar i pluss.

Ikkje råka

Etter ei rekkje problem under bygginga, med kostnadsoverskridingar, forseinkingar og uhell vart riggen sett i arbeid i august 2013.

Selskapet fekk avtale om boring av ei rekkje brønnar for oljeselskapet Lundin, og har framleis att seks av i alt tolv brønnar å bore på den avtalen.
På kort sikt gjer avtalen med Lundin at ein svakare riggmarknad ikkje har noko å seie for lønsemda til selskapet, skriv Island Drilling i rapporten for fjerde kvartal 2014. På lenger sikt ser selskapet det annleis, og det er grunnen til den store nedskrivinga.

Ulstein-selskap

Sjølv om Island Drilling Company har hovudkontor på Kokstad ved Bergen og riggen blir driven av bergenske Odfjell Drilling, er det langt på veg eit sunnmørsk riggselskap det er snakk om.
Island Offshore-systemet, med Morten og Håvard Ulstein i spissen, er storaksjonærar i selskapet, og har spelt ei sentral rolle både i etablering og i å få riggen fram til operativ stand. Selskapet Island Offshore V as eig 31,9 prosent av aksjane, Island Offshore XII KS 5,5 prosent og familieselskapet Borgstein 2,19 prosent.

Publisert: 10.03.2015 16:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41