Naustneset snart historie
INVESTERING: Gjennom Ulstein Utvikling var Ulsteinfamiliane sitt selskap Naustneset ein av aktørane bak bygginga av butikk og bustad-prosjektet Sjøsida i Ulsteinvik (til høgre). No blir Naustneset avvikla og aktiva i selskapet fordelt på aksjonærane.
Nytt

Naustneset snart historie

Dei seks Ulsteinfamiliane som selde Ulsteinkonsernet til Vickers i 1998 avviklar sitt felles selskap, Naustneset.

06.12.2017
Målet er å vere ferdig med avvikling i løpet av året, seier styreleiar Maria Loen.
Naustneset si historie skriv seg tilbake til 1995, då dei seks familiegreinene som eigde Ulsteinkonsernet førebudde ei børsnotering av selskapet, og seinare hadde ei rolle i transaksjonane ved salet til Vickers - som seinare vart kjøpt av Rolls-Royce.
Kvar familiegrein eigde i utgangspunktet like stor del i selskapet og selskap eigd av Ulsteinfamiliane er framleis eigarane i Naustneset. No er aksjane fordelt på over 30 eigarar.
Gjennom Naustneset as eigde dei seks familiane aksjar og eigedomar som ikkje blei med i salet til Vickers/Rolls-Royce, og i investeringar som er gjort seinare.

Fordeler Ulstein-aksjar

Det er først og fremst aksjane i Ulstein Group som har verdi i Naustneset i dag.
Ulstein Group er basert på verftet i Ulsteinkonsernet, som ikkje blei med på kjøpet då britane tok over. Der er barna til Idar Ulstein, med Gunvor og Tore Ulstein i spissen største eigarar og har bygd opp selskapet til å også vere design- og utstyrsleverandør.
Naustneset eig 16,89 prosent av aksjane i Ulstein Group. Den aksjeposten blir no fordelt på dei ulike eigarane i Naustneset, etter kor stor eigarandel dei har i Naustnestet, seier Loen.
Naustneset eig og 8,79 prosent i hotellbyggselskapet Ulstein Hotell og i bustad- og næringsbyggutviklingsselskapet Ulstein Utvikling. Dei aksjane blir og fordelt på dei einskilde Naustneset-aksjonærane.

Store tap

I 2016 bestemte Naustneset-eigarane seg for å sette selskapet på sparbluss etter store tap på aksjar i det skipseigande kommandittselskapet Island Offshore VIII, det skipseigande aksjeselskapet Island Offshore V og riggselskapet Island Drilling Company. Aksjane i dei to siste selskapa blei nedskrivne med 28,4 millionar, til null kroner i følgje reknskapen for 2015.

Også 2016 enda med store tap. Det samla underskotet dei to siste åra er neste 70 millionar kroner. (sjå tabell).
Stillinga som dagleg leiar blei avvikla i fjor.

Publisert: 06.12.2017 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16