Naturleg at vi tilsette stiller opp i vanskelege tider
AVTALE: Hovudtillitsvald Olav Høydalsvik håper at omverda vil reagere positivt på at alle Kleven-tilsette stiller opp for eige konsern med månadlege lønstrekk.
Nytt

- Naturleg at vi tilsette stiller opp i vanskelege tider

Hovudtillitsvald Olav Høydalsvik ved Kleven meiner det er rett og rimeleg at dei tilsette bidreg når konsernet slit. Styreleiar Kjersti Kleven rosar dei tilsette.

03.07.2017
- Eg er stolt over alle dei tilsette i konsernet som har blitt med på denne låneavtalen og med det gir eit svært viktig og positivt bidrag for å trygge arbeidsplassane på lang sikt, seier Kleven.
I dag vart det kjent at dei Kleven-tilsette gir konsernet 24 millionar kroner i ansvarlege lån gjennom månadlege lønstrekk.
Dette er eitt av fleire tiltak for å snu Kleven-skuta, som to år på rad har gått på solide økonomiske smellar.
Les her:
Kjersti Kleven viser til at problema for Kleven ikkje er unike.
- Heile bransjen vår er inne i svært krevjande tider. Medan mange rundt oss har hatt permitteringar og andre tiltak lenge, har vi vore skåna for slike konsekvensar fram til no.

- Positivt for omverda

Hovudtillitsvald Olav Høydalsvik i Fellesforbundet seier at løysinga har vorte greit mottatt mellom dei tilsette.
- Dei fleste synst det er naturleg at vi tilsette stiller opp i vanskelege tider, men der er sjølvsagt også dei som er litt misnøgde, spesielt fordi vi heldt forhandlingane om avtalen hemmelege.
- Uansett håper vi at det vert oppfatta som positivt av omverda ettersom alle tilsette i så stor grad stiller opp for eiga bedrift. Dette er nokså unikt.

- Alle er med

Det er rundt 750 tilsette som er med på ordninga, der alle på første lønsutbetaling 20. juli vil få fire prosent lønstrekk. I tillegg vert det ekstra lønstrekk for alle som har ei årleg bruttoløn som overstig 561.000 kroner.
- Alle er med på ordninga, frå adm. dir. Ståle Rasmussen på toppen og nedover. Dei som tener mest, får også mest trekk, seier Høydalsvik.
Han opplyser at alle Kleven-selskapa er med på ordninga, inkludert Kleven Maritime Contracting, der det er rundt 300 utanlandsk tilsette.
- Ordninga gjeld alle, anten ein er norsk eller utanlandsk.

Vil få pengane tilbake

Etter planen skal pengane betalast tilbake så fort konsernet på nytt får eit positivt resultat, men først i 2019.
- Vi håper at dette skjer alt i 2019, men vi er førebudde på at det kan gå litt lenger.
- Uansett har vi god tru på at dette er pengar vi får tilbake, kanskje også med gode renter.
Høydalsvik rosar også eigarane.
- Dagens aksjonærar har gått inn med ein god sum med pengar, og samla er dette ei løysing som er eit gode for alle partar, ikkje minst for å trygge framtidige arbeidsplassar.
I tillegg til Fellesforbundet, er avtalen signert av Tekna, Nito og Forbundet for ledelse og teknikk (FLT).
Eg er stolt over alle dei tilsette i konsernet som har blitt med på denne låneavtalen og med det gir eit svært viktig og positivt bidrag for å trygge arbeidsplassane på lang sikt

Publisert: 03.07.2017 11:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11