Nasjonalt kompetansesenter i Sykkylven
SENTER: Eit nasjonalt senter for forsking og innovasjon, mellom anna for møbelindustrien, skal etter planen vere i drift frå årsskiftet. Anita C. Drabløs er prosjektleiar, og Egil Sundet i Designindustrien representerer ein del av bedriftene som senteret skal jobbe for.
Nytt

Nasjonalt kompetansesenter i Sykkylven

Møbel-, tekstil-, interiør- og moteindustrien går saman for å bli betre på marknadsføring og sal, berekraft og produksjon.

21.10.2020
Planen er å ha eit nasjonalt kompetansesenter i gang frå årsskiftet, sa prosjektleiar Anita C. Drabløs på Ingmar Relling-seminaret i Sykkylven onsdag.
Kompetansesenteret skal ha to basar, i Sykkylven og i Oslo. Sykkylven er vald på grunn av møbelindustrien på Sunnmøre, møbelindustriens produksjonsutviklingsorganisasjon Møbelkraft i Sykkylven og 3D-strikkeprosjektet i Sykkylven.
I tillegg har møbel og merkevarebedriftenens klyngeorganisajsonen Norwegian Rooms base i Ålesund.
Drabløs la stor vekt på at industrien har mykje å hente på å forske på og utvikle nye metodar for å finne ut kva kundane vil ha, og korleis produkt og tenester mest effektivt kan seljast. Det er der industrien er svakast.

Skaper innovasjon

Bransjesjef Egil Sundet i bransjeorganisasjonen Designindustrien, som er ein del av Norsk Industri og omfattar mellom andre møbelindustrien, seier ein nasjonalt senter vil vere viktig for at mellom andre møbelinduistrien.
Liknande satsingar tidlegare har løfta innovasjonstakta, og den har falle når satinga har tatt slutt, ifølgje Sundet.

Betre vilkår

Egil Sundet etterlyser større statleg engasjement for møbelindustrien.
Samanlikna med toppåra 2007/2008 er produksjonen i møbelindustrien i dag på omlag 60 prosent av nivået i 2007/2008.
Sundet har to tiltak på ønskelista for å gi møbelindustrien eit løft; investeringstilskot for å investerer i fabrikkbygg og maskiner som i Sverige og Polen, og etablering av eit eksportkontor etter mønster av sjømatnæringa og vindkraftindustrien - delfinansiert av staten.

Publisert: 21.10.2020 14:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03