Naprapat-selskap veks sakte
Nordvest Naprapatklinikk kan vise til ein liten auke i aktiviteten i fjor.
- Vi har bygd stein på stein over fleire år, og kan vise til ei lita auka i aktiviteten både i 2018, og for første halvår i 2019.
Det seier dagleg leiar og grunnleggjar Ole Theodor Hovden.
Han etablerte den første naprapatklinikken i Åleesund sentrum i 2004, opna klinikk på Moa i 2005 og i Ulsteinvik i 2007.
No eig han 33,8 prosent av selskapet saman med Magnus Nord og Sara Lande Rise - som begge eig 33,1 prosent.
I pluss
Selskapet er også etablert i Fosnavåg, og omsette i fjor for 5,1 millionar kroner. Drifta gjekk så vidt i pluss.
Naprapatane behandlar muskel- og skjelettplager i heile kroppen, og selskapet har inngått samareidsavtale med Stamina Helse.
- Stadig fleire pasientar vel naprapat når dei skal behandle plager i musklar eller ledd, seier Hovden.
Fem naprapatar
Totalt er det tilsett fem naprapatar.
- Selskapet har i 2018 og 2019 ekstra fokus på kompetanseheving, og mellom anna utdanna fleire naprapatar til bruk av ultralyd.
- Denne kompetansen gir våre pasientar eit betre tilbod, som vi igjen meiner vil utvikle verksemda vidare, seier Hovden.
Publisert: 23.08.2019 17:55
Sist oppdatert: 03.11.2023 13:44