Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

For bestilling av årsabonnement - Kontakt Magnus på magnus@nett.no

Teikn ditt månadsabonnement i skjemaet under.

129,- pr. mnd.
Nær 100 milliardar i nye Ålesund

TRE STØRSTE: Mellom anna Vard-verftet i Søvika (t.h.) er kome inn i nye Ålesund og selskapet er størst i kommunen. På andreplass kjem Bunker Oil leia av Jan Magnus Kleven (nede t.v.) og deretter Kongsberg Maritime (oppe t.v.). 

Nær 100 milliardar i nye Ålesund

Sjå korleis det står til med næringslivet i alle kommunane på Nordvestlandet i analysen frå NETT NO-magasinet.

ANALYSE: 

92,3 milliardar kroner omsette bedriftene i nye Ålesund for i fjor. Det er imponerande tal, og viser at Ålesund er av dei verkeleg store bedriftskommunane i landet.

Dette viser NETT NO sine statistikkar for 2019, der vi har tatt for oss alle bedrifter med meir enn fem millionar kroner i omsetning i dei 17 kommunane som NETT NO dekker på Nordvestlandet.

Totalt er 2.512 bedrifter med i denne statistikken, noko som viser det enorme mangfaldet av bedrifter i denne delen av landet. Mange kjenner dei største bedriftene, men vi i NETT NO prøvar også løfte fram nykomarane og dei mindre kjende bedriftene.

I 2018 omsette bedriftene i gamle Ålesund for 74,7 milliardar kroner, og ein god del av veksten frå 2018 til 2019 skuldast at Haram, Skodje og Ørskog no er ein del av nye stor-Ålesund. Men dette forklarer likevel ikkje heile  auken.

Fleire av dei større bedriftene i Ålesund hadde god vekst i 2019, og mykje såg også bra ut i 2020, fram til koronapandemien slo til for fullt. Nyleg fekk også Ålesund eit nytt børsnotert selskap i teleutfordraren Nortel.

Les også ein rekke intervju med optimistar i næringsliv og samfunnsliv på Nordvestlandet i NETT NO-magasinet 2020

1,4 millionar per ålesundar
Totalt er det 15 bedrifter i nye Ålesund med over ein milliard kroner i omsetning. Aller størst er Vard Group med 7,9 milliardar, føre Bunker Oil med 5,8 milliardar og Kongsberg Maritime med 4,1 milliardar.

TRYKK FOR STØRRE VERSJON: Dei samla 2019-tala viser mellom anna at bedriftene i Ålesund, Herøy og Stranda omsett for mest per innbyggjar.  

Herøy er nest størst etter ei samla omsetning på 10,4 milliardar kroner i fjor, føre Kinn kommune, der Måløy-selskapet Coast Seafood dreg kraftig opp med ei omsetning i fjor på 4,5 milliardar.

Ålesund toppar også statistikken for driftsinntekter per innbyggjar, der Ålesund-bedriftene i snitt i fjor omsette for knappe 1,4 millionar kroner for kvar ålesundar. Det er også imponerande tal. Også her kjem Herøy på andre plass, med høg omsetning i selskap som Mørenett og MMC First Process, føre Stranda som kjem på  tredjeplass.

Stranda i vinden
Stranda er den kommunen som har hatt størst framgang siste året på NETT NO sine statistikkar, godt hjelpt av selskap som Platina Seafood, Norsk Sjømat og K. Nordang.

TRYKK FOR STØRRE VERSJON: Nivået på nyetableringar på Nordvestlandet har vore rekordhøgt dei siste åra. Kommunane Herøy, Stad og Kinn hadde flest i 2019.

Det skjer mange spennande satsingar i kommunen godt hjelpt av patriotkapital. Stranda låg i haust også an til å få det neste børsnoterte selskapet i nordvest, men dei planane er no sett på vent.

Men det er fleire andre stader det vert satsa, trass korona og andre utfordringar.

Blant anna viser dette att i takta på nyetableringar, der Herøy hittil i år ligg klart i tet med 74 nye selskap, noko som gir 8,2 nyetableringar per 1.000 innbyggjarar. Bak Herøy kjem Stad, Kinn, Ålesund og nettopp Stranda.

Herøy er også på topp i antal bedrifter i forhold til folketalet, føre Stryn, Stranda, Ulstein og Ålesund.

Verft- og offshoretap
Når det gjeld resultatgrad (driftsresultat i prosent av driftsinntekter) vert listene snudde, ettersom mange av dei store bedriftslokomotiva har hatt krevjande år.

Best kjem Volda ut, blant anna etter eit godt resultat for Sparebanken1 Søre Sunnmøre, men også bedriftene i Gloppen, Stad, Sande og Sykkylven gjer det bra.

Den same tendensen finn ein att i tabellen over resultat før skatt, der Gloppen er på topp, føre Sykkylven og Sande.

På den andre enden av skalaen finn ein Ulstein, med ei resultatgrad på minus 6,1 prosent. I resultat før skatt ligg naboane Herøy og Ulstein klart i botn, noko som illustrerer situasjonen for både verftsindustri og offshore.

Skjebneår
Sjølv om stor deler av næringslivet gjorde det bra i 2019, viser også NETT NO sine statistikkar tydeleg at når dei store verfta slit, er det også dårlege tider for mange underleverandørar.

2021 vert eit skjebneår for mange av desse bedriftene. Det same med dei mange reiselivsbedriftene som no slit under pandemien. Vi går dermed spennande tider i møte, og vi i NETT NO lovar å følgje utviklinga tett.

«OPTIMISTANE»: 2020-utgåva av NETT NO-magasinet er klart. Ein rekke bedrifter på Nordvestlandet får tilsendt magasinet, som også kan lesast her.

Denne kommentaren er berre noko av innhaldet i det 84 sider store NETT NO-magasinet om næringsliv og samfunnsliv på Nordvestlandet. Les heile NETT NO-magasinet 2020.

I tillegg til intervju med ein rekke optimistar frå ulike bransjar, gir magasinet for åttende år på rad oversikt over hvordan det går med næringslivet på Nordvestlandet. 

Siste artikler

Rekordkontrakt til Nogva

Skal levere aggregat til åtte skip Vard byggjer i Vietnam.

Intership byggjer i Spania

Har ni brønnbåtar i arbeid når nybygget er i drift og Intership-sjefen lovar å vise fram gode tal når 2020-reknskapen er klar.

Rotevatn møter fiskerinæringa

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn skal møte fiskerinæringa etter Regjeringsframlegget om avgiftsauke som vil doble drivstoffkostnadane.

Kraftig auke i bruk av gjeldsordningar

– Vi blir no nærast ringt ned av folk som treng å komme seg ut av gjeldsfella.

Sikra nytt oppdrag og arbeid til fleire folk

Herøy-selskap bygger hamnebåt som skal stasjonerast i Longyearbyen. Solid ordrebok gir behov for fleire tilsette.

Høyr ny episode av Podium

Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand gjestar studio - og sjølvsagt snakkar dei mellom anna om framtidas GIEK/Eksportkreditt. 

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.