ANALYSEI 2008 brukte Amfi Moa tre fjerdepartar av marknadsføringspengane sine på avisannonser. I dag er andelen redusert til 25 prosent, og senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe fleipar med at det er meir attraktivt å annonserer på hennar digitale plattformer enn i avisene.Det er ein spøk med ein alvorleg undertone for etablerte avis- og mediehus. Det er nye tider i avis- og annonsemarknaden, og det er ei endring som truleg vil vare.Annonsemarknaden svinga før og, og avisene sine inntekter gjekk opp og ned. Men då var det først og fremst konjunkturane som skapte sviningane. Når det gjekk trått i næringlivet og arbeidsløysa steig blei det færre og mindre annonser på avissidene. Kom det travlare tider steig annonsevolumet, og gjerne prisane og.Sunnmørsposten skal kutte 10 stillingar innan 2016, og dessutan skal nesten kvart tredje årsverk i Polaris Media sitt trykkeri i Ålesund bort.Det er ikkje konjunktursvingingar som er årsaka til kutta i avisbransjen, dei berre forsterkar utviklinga.Det er internett, mobiltelefonar , datamaskiner og nettbrett som er grunnlaget for endringa.Når Rødal Kleppe har 36.000 kundar i kundeklubben, kundar som har sagt ja takk til å få tilsendt tekstmeldingar med tilbod og informasjon om arrangement på kjøpesenteret, så veit ho at ho treff interesserte mottakarar med kvar einaste melding, og kan måle responsen. Set ho ei annonse i avisa veit ho ikkje noko om kor mange som les den og kan i beste fall få ein indikasjon på responsen. Då seier det seg sjølv kva som er mest effektivt.Rødal Kleppe har sjølvsagt ein fordel i høve til store deler av handelsstanden ellers, takka vere storleiken til Amfi Moa. Her er rundt 170 butikkar, og ei årleg omsetning på over 2,7 milliardar kroner. Det betyr mellom anna mange å fordele kostnadane på med å utvikle eit system for å nå kundane direkte via nett og telefon.Men mange kjøpesenter er i dag ein del av ei kjøpesenterkjede og kan lene seg på den for å utvikle liknande tilbod. Storparten av handelen foregår dessutan i kjedebutikkar som har apparatet som skal til. Teknologien og kostnadane er dessutan ikkje meir komplisert eller kostnadskrevjande enn at også mindre frittståande senter og større butikkar kan henge seg på.Teknologien er der, trikset er å bygge opp ein kundebase som tykkjer det er attraktivt å få meldingar frå butikkane rett i smarttelefonen.Det er først og fremst eit spørsmål om dyktig kjøpmannskap og god marknadsføring. Lukkast kjøpmannen vil effekten truleg vere større enn ved tradisjonell avisannonsering.For Sunnmørsposten og større aviser er skiftet svært merkbart allereie. Dei mindre lokalavisene er først no i ferd med å få same smellen. Tilsynelatande såg dei lenge ut til å ikkje bli berørt av endringane som kom med den nye teknologien, men slik ser det ikkje ut lenger.Avisbransjen kan delvis takke seg sjølv for det som skjer. Tung satsing på gratis nettaviser har undergrave betalt journalistikk og medverka til ein opplagsnedgang for betalte papiraviser som har gjort avisene mindre attraktive som annonseorgan. Men først og fremst er det ny teknologi og konsekvensen av den det er snakk om.Teknologien gjer det og råd å langt fleire enn før, og likevel vere svært lokal. Det gjer at lokalavisene får konkurranse frå nasjonale og internasjonale gigantar sjølv om dei skulle lukkast på alle vis med ein overgang til digitale plattformer.Du kan godt bruke ein annonseportal som finn.no sjølv om du skal selje den gamle snøfresaren, og berre reknar med at det er kjøparar i rimeleg køyreavstand som er interessert. Moglege snøfresar-kjøparar kan avgrense jakta på selgarar av brukte snøfresarar til lokalmiljøet sitt og treng ikkje leite seg gjennom annonser frå heile landet, sjølv om dei brukar ein nasjonal eller internasjonal annonseportal.Den konkurransen i annonsemarknaden slapp lokalsavisene i papirtida. Det gjer dei ikkje lenger.
Publisert: 14.12.2014 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39






