NMK gevinst for Haram
GEVINST: Ei finansiell investering sa rådmann Turid Hanken i Haram om NKM-investeringa i 2014. No får kommunen gevinst.
Nytt

NMK-gevinst for Haram

Haram kommune har hatt ei solid avkastning på å vere medeigar i NMK-bygget.

19.11.2019

Kommunen kjøpte seg inn i bygget for 12,5 millionar kroner 2014, og er no ein av seljarane.


- Vi gjorde det fordi vi meiner det er ei god finansiell investering, sa rådmann Turid Hanken i Haram til NETT NO i 2015.

I tillegg ville kommunen og vere med å støtte opp under verksemda i NMK-bygget.

Over 20 millionar

Haram kommune blei medeigar i NMK gjennom eigedomsselskapet NMK Eiendom, som no er seld vidare til det nyskipa selskapet NMK Næringseiendom i ein transakjson som prisar bygget til over ein milliard kroner.

Kommune sin aksjepost i NMK Eiendom var 5,2 prosent i følgje databasen proff.no. Kommunen får 21-22 millionar kroner for aksjane i følgje økonomisjef Levi Lervik. Ein mindre del av kjøpesummen blir først utbetalt etter at alle garantiar er innfridd, seinast innan fem år. I tillegg har kommune mottatt utbytte.

Den opphavleg investeringa på 12,5 millionar kroner i 2014 blei auka i med omlag to millionar i 2015, i samband med finansieringa av det andre byggesteget av NMK.


NMK Eiendom hadde 64 millionar kroner i driftsinntekter og 8,4 millionar kroner i resultat før skatt i 2018. Bokført verdi av bygg og tomt var 860 millionar kroner og selskapet hadde ei langsiktig gjeld på 663 millionar kroner.

Blir med vidare

Største eigar i NMK Eiendom er NMK Holding as, med nesten 63 prosent av aksjane før transaksjonen.

Etter transaksjonen eig NMK Holding 25 prosent av NMK-bygget, Rune Stokke-selskap 30 prosent og førebels ikkje namngitte investorar resten. Siva eig 40 prosent av aksjane i NMK Holding, Lag Invest 25,05 prosent (Leif-Arne Langøy og Arne Gunnar Harnes), Kaj Bang Westre og familiemedlemer eig 25,05 prosent og selskapet Spleismark Næring eig 9,9 prosent.

Blant eigarane i NMK Eiendom er og Stiftelsen Kjell Holm (7,4 prosent) og Oscar Sylte Invest 3,7 prosent.

Publisert: 19.11.2019 09:55

Sist oppdatert: 07.06.2021 14:22