NHO rapport om krisa Betre enn frykta men grunn til bekymring
BOMMA: Sjeføkonom Øystein Dørum presenterer NHOs kvartalsrapport med prognoser for den økonomiske utviklingen. Dei dystre spådommane frå starten av koronapeidemien har ikkje slått til, vedgjekk Dørum på presentasjonen i dag. 
Nytt

NHO-rapport om krisa: Betre enn frykta – men grunn til bekymring

Så langt har koronasmellen i norsk økonomi vore langt mindre enn frykta, konstaterer NHO. Men krisa er langt ifrå over.

29.09.2020
NPK-NTB-Marius Helge Larsen: – Eg må berre innrømme – og det har lege i korta ei stund – ting har ikkje gått så ille som vi trudde, sa NHOs sjeføkonom Øystein Dørum då han la fram Næringslivets Hovedorganisasjons (NHO) siste tysdag.
Jamt over viser rapporten at norsk økonomi har klart seg betre gjennom koronakrisa enn dei dystre spådommane som vart lagt fram i vår.
«Da så vi for oss et fall i handelspartnernes BNP på 7,5 prosent i år, og et fall i Fastlands-BNP på 6,5 prosent. Nå regner vi med fall på henholdsvis 7 prosent og 4,2 prosent», heiter det i rapporten.

Kraftig fall

NHOs sjeføkonom understrekar likevel at tilbakeslaget i norsk økonomi framleis er det største sidan krigen.
– Vi har aldri sett på maken, seier Dørum.
Fastlands-BNP fall med 11 prosent frå februar til april, og steig så 7 prosent frå april til juli.
– Det er framleis eit større fall i BNP i løpet av nokre månader enn det samla fallet under krisa på slutten av åttitalet etter jappetida.

Har gått til oppseiingar

Og sjølv om det no har gått betre enn ekspertar som Dørum venta, er den økonomiske smellen frå koronaviruset langt ifrå over. Faktisk er medlemsbedriftene i NHO ein smule meir negative i september enn dei var i august.
– Ein aukande del svarer at dei har gått til oppseiingar. Trass dette, er delen som planlegg oppseiingar, nokså stabilt høg, tett på ein femdel av dei som svarer, viser NHOs medlemsundersøking, som dannar delar av talgrunnlaget for rapporten.
Spesielt er utsiktene innan næringar som overnatting, servering, transport, framleis betydeleg ramma av smitteverntiltaka og vil derfor truleg redusere sysselsetjinga ytterlegare framover, skriv NHO.

Forverring

Samla ventar 18 prosent av 3.014 spurde bedriftsleiarar ei forverring av marknadssituasjonen dei neste seks til tolv månadene.
Det er det nest lågaste talet sidan målinga starta i 2009, berre slått av 2. kvartal i år, då store delar av Noreg vart stengt ned. Då svarte samla 26 prosent at dei venta ei forverring, skriv .
– Vi opplever dessverre at det har fått feste seg eit inntrykk av at krisa er på veg over. Sjølv om frisørar og andre som på kort sikt mista jobben ei tid i vår, er tilbake på jobb, så er viktige marknader framleis heilt nede. Vi fryktar at tusenvis av jobbar vil forsvinne det kommande året og ikkje komme tilbake, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid.
Eit klart fleirtal av medlemsbedriftene svarer at dei vil redusere investeringane sine framover.

Pregar samfunnet

I rapporten blir det peika på at relativt inngripande smittevernrestriksjonar vil prege samfunnet fram til det finst ein koronavaksine.
– Restriksjonane vil bidra til å avgrense innhentingspotensialet for fleire tenestegrupper, som reiseliv, transport og kultur. Varekonsumet er allereie høgt, og det er derfor rimeleg å anta at auken vil avta til meir moderate nivå ut året, står det i rapporten.
NHO trur at veksten i konsumet gradvis vil avta gjennom hausten, og bli verande moderat i første halvår 2021.
Det blir òg forventa at bustadprisveksten vil halde seg «moderat» framover:
«Takket være sterk prisvekst de siste månedene ser boligprisene ut til å øke med i overkant av 3 prosent i år. Et positivt overheng inn i 2021 vil bidra til å trekke opp årsveksten neste år, og selv med et forsiktig månedsforløp vil boligprisveksten neste år kunne komme opp i 3,5 prosent.»
Eg må berre innrømme – og det har lege i korta ei stund – ting har ikkje gått så ille som vi trudde

Publisert: 29.09.2020 12:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03