NHO rapport Oljebransjen mest optimistisk
NY FART: Leverandørbedriftene til oljebransjen har blitt vesentleg meir optimistiske på kort tid. Synet av riggar i opplag tyngjer ikkje som før.
Nytt

NHO-rapport: Oljebransjen mest optimistisk

NHO oppjusterer investeringsprognose.

20.03.2018
NPK-NTB: Av norske næringar er oljeleverandørbedriftene dei med mest positivt syn på framtida. NHO oppjusterer prognosen for investeringsvekst der frå 1 til 7 prosent.
To tusen bedrifter har i det siste kvartalet svart på spørsmål om marknadssituasjonen framover, planar om nytilsettingar, investeringar og økonomisk situasjon. NHO presenterte funn derifrå då dei la fram sin kvartalsrapport tysdag formiddag. Etter nokre år med sprik mellom situasjonen og forventningane i ulike bransjar, begynner no oljenæringa å nærme seg dei andre i vurderinga av eigen situasjon no og ikkje minst framover.

– Blant alle næringane vi ser på i undersøkinga er det oljeleverandørbedriftene som no ligg høgast når det gjeld marknadsutsikter. Dei har ein markant høgare optimisme enn dei andre, seier NHOs sjeføkonom Øystein Dørum.
Optimismen speglar utviklinga både ute og heime, og samanlikna med førre rapport, er prognosane for veksten i oljeinvesteringane i 2018 oppjusterte til 7 prosent.
Også bedrifter i andre næringar som var sterkt ramma av lågkonjunkturen etter oljeprisfallet, har rapportert om stadig betring i situasjonen gjennom 2017.

Publisert: 20.03.2018 12:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19