Myklebust tetta tapssluket
MEIR ARBEID: I juni signerte Sølvtranssjef Roger Halsebakk og Myklebust Verft-sjef kontrakt på bygging av ein brønnbåt for levering i mars 2021.
Nytt

Myklebust tetta tapssluket

Myklebust Verft gjekk nesten i pluss i fjor.

02.08.2019
Første år på eigne bein blei ein opptur for Myklebust Verft i Sande.
- 2018 har vore eit viktig år knytt til omstilling og levering av seks nybygg, etter fleire år med tap. Året var prega av svært høg aktivitet, med 26 ettermarknadsoppdrag (23 dokkingar) parallelt med nybygga, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide i ei pressemelding.

2019 har starta bra, med mange oppdrag i første halvår og nybyggingskontrakt med Sølvtrans som blei signert i juni i år. Hide seier selskapet ligg an tilei overskot i år.

Trangt i dokka

Hide seier verftet har godt med oppdrag i andre halvår. Ein vesentleg del av kapasiteten til dokka er seld fram til årskiftet, i følgje Hide. Det største oppdraget er ombygginga av AKOFS Seafarer, der mesteparten av jobben skal vere gjort innan oktober i år.

Selskapet har auka arbeidsstokken med 15 personar i år, er opp i 130 tilsette og skal ta inn lærlingar igjen. Medrekna innleigde og folk frå underleverandørar rekna Hide med at rundt 300 personar vil vere i arbeid på verftet i haust.

Kleven kjøpt ut

Fram til halvårskiftet 2018 var Myklebust Verft ein del av Kleven-konsernet, som då hadde Hurtigruten som storaksjonær og lokale investorar med på eigarsida.
Då situasjonen for Kleven Verft viste seg å vere tøffare enn Hurtigruten først hadde sett for seg blei Kleven Verft AS, Kleven Maritime Contracting AS og Kleven Maritime Technology AS kjøpt ut og refinansiert.

Dermed sto Kleven Maritime Invest AS - som no heiter Myklebust Verft Invest as - att med Myklebust Verft viktigaste selskap.

Publisert: 02.08.2019 14:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38