Myklebust kan faa storkontrakt
KONTRAKT: Myklebust Verft i Gursken har mange oppdrag i ettermarknaden, men no kan det også verte storkontrakt med Sølvtrans.
Nytt

Myklebust kan få storkontrakt

Sølvtrans skal byggje ein serie med brønnbåtar. Kun norske verft er aktuelle.

07.02.2019
Myklebust Verft i Sande er eitt av verfta som er i sluttforhandlingar med Sølvtrans om bygging av ein serie med brønnbåtar.
Brønnbåtane skal ha ein lastekapasitet på 4.000 kubikkmeter.
I tillegg planlegg brønnbåtreiarlaget å byggje ein brønnbåt på heile 7.500 kubikkmeter.
Det er like mykje som Ronja Storm, som no er under bygging, og hittil er den største satsinga i Sølvtrans-regi.
- Vi har store vekstplanar, seier Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk.

Ny båt frå Aas

I tillegg til serien med båtar, har selskapet nyleg kontrahert ein brønnbåt med lastekapasitet på 2.500 kubikkmeter ved Aas Mek Verksted på Vestnes.
Frå før har Sølvtrans 21 båtar, og fire under bygging. Aas-båten vert den femte under bygging.
- Denne båten skal vere ferdig til oktober 2020.
- Båten har ikkje kontrakt no, men det håper vi å få før han er ferdig.

Satsar norsk

Halsebakk vil ikkje seie kva verft som får oppdraget med å byggje brønnbåtserien.
Men det blir eit norsk verft.
- For vår del er det ikkje aktuelt å ferdigstille båtane i utlandet.
- Det har vi gjort tidlegare med to båtar i Spania, og det vart ei dyr affære.

Dyrare driftskostnader

Han fortel om høge advokatutgifter og store utgifter til oppfølging av prosjektet.
- I tillegg viste det seg at desse båtane hadde dyrare driftskostnader første åra enn dei båtane vi ferdigstilte i Norge.
- Den lave kontraktssummen forsvann fort i andre kostnader.
Halsebakk har derimot ikkje noko imot at skoga til dei nye brønnbåtane vert bygde i Tyrkia.
- Nei, der er dei flinke med stålarbeid.

Første nybygg på eigen kjøl

Verftsdirektør Inge Jonny Hide seier at det er hyggjeleg at Myklebust vert trekt fram som aktuelt byggjeverft for Sølvtrans.
Han seier at det vert jobba med fleire interessante prosjekt.
- Det vert spennande å sjå kven som kjem til å stå bak byggjenummer 75 ved verftet, det første nybygget frå Myklebust på eigen kjøl etter at verftet vart skilt ut frå Kleven.
Hide fortel om stor aktivitet ved Sande-verftet.
- Ja, vi har mange oppdrag i ettermarknaden.
- At vi har eiga dokk, kjem veldig godt med.
For vår del er det ikkje aktuelt å byggje båtane i utlandet

Publisert: 07.02.2019 13:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31