Mykje vil stoppe opp utan nye midlar
TUNNEL: Prosjektleiar Terje Andreassen for Stad skipstunnel i Kystverket håper på planleggingsmidlar til skipstunnelen i 2020, sjølv om i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er sett av null kroner til prosjektet.
Nytt

- Mykje vil stoppe opp utan nye midlar

Grunnavtalar, arkeologiske undersøkingar og prekvalifisering av entrerenørar vil stoppe opp om ikkje Stad skipstunnel får nye midlar.

08.11.2019
- Vi har framleis litt pengar att, men mykje vil stoppe opp om vi ikkje får sju millionar kroner av Stortinget til planleggingsmidlar for skipstunnelen.
Det seier prosjektleiar Terje Andreassen for Stad skipstunnel i Kystverket.
Etter at det ikkje kom oppstartsmidlar på neste års budsjett, håper styringsgruppa for Stad skipstunnel at det i alle fall kan finnast sju millionar kroner til vidare planlegging.

- Går så det susar

Terje Andreassen set pris på engasjementet rundt tunnelprosjektet.
- Slike prosjekt er ofte avhengige av at mange engasjerer seg for å få det realisert.
Han seier at prosjektet er i rute, med unntak av løyvingane.
- Eigentleg går det framover så det susar.

Kortare entring

Etter at samferdsledepartementet bad om kostnadskutt er det gjort ei rekkje endringar frå dei opphavlege planane.

Det er blant anna sett på massehandtering, geologi og entringskonstruksjonar.
- Sjølve entringa av tunnelen har vi gjort ein del kortare, seier Andreassen.
- Men opninga er like stor som opninga i Måløybrua. Treff du ikkje Måløybrua, bør du ikkje gå Stad skipstunnel.

Kjødepoll-deponi

Det er også lagt inn eit nytt og rimelegare fendringssystem, og laga ein billegar brukonstruksjon over portalen i Moldefjorden.
Ein har også kutta ut ei gangbane i tunneltaket, ein bane som blant anna var tenkt brukt for å skifte navigasjonslysa.
Når det gjeld massehandtering, ser ein no også på ei løysing med eit mellombels deponi i Kjødepollen, men Andreassen seier at det er stor interesse frå mange hald for massa frå tunnelen. Eit alternativ er også å bruke deler av massen til utbetring av vegane i området.
Totalt er det rundt 5,5 millionar kubikkmeter masse som skal takast ut.

23 grunnavtalar

Prosjektet har ei kalkulert samfunnsnytte på 800 millionar kroner. Då er verdien av eit menneskeliv sett til åtte millionar korner basert på eit dødsfall rundt Stad kvart tolvte år.
- Om vi derimot legg til grunn eit dødsfall kvart femte år, vert samfunnsnytten derimot auka med 133 millionar, sa Andreassen.
Han seier at han gjerne skulle ha kome i gang og fått gjort avtalar med grunneigarar.
Totalt er det 23 avtalar som skal gjerast, og i Kjødepollen er det i tillegg fem einebustadar som må fjernast.

Treff du ikkje Måløybrua, bør du ikkje gå Stad skipstunnel

Publisert: 08.11.2019 12:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44