Mowi slit i midt Noreg
EGGESBØNES: Mowi slakta mindre fisk i Region midt i andre kvartal i år enn året før. Her frå lakseslakteriet på Eggesbønes.
Nytt

Mowi slit i midt-Noreg

Mowi hadde rekordresultat i andre kvartal, men i Region midt slit konsernet med lakselus og andre plager.

21.08.2019
Medan Mowi melder om rekordar i slaktevolum og resultat i andre kvartal, slit selskapet meir i Region midt, som dekker heile området frå Sogn i sør til Osen i Trøndelag i nord.
Her var det i andre kvartal store reduksjonar både i slaktevolum, driftsresultat og resultat per kilo produsert laks.
Operasjonalt driftsresultat for denne delen av Mowi enda i andre kvartal på 35,2 millionar euro, ned frå 71,3 millionar i andre kvartal i fjor.

Redusert slakting

Det vart ved anlegga på Eggesbønes i Herøy og i Ulvan på Hitra slakta 18.763 tonn laks, mot 27.112 i same kvartal i fjor.
Operasjonelt driftsresultat per kilo laks enda på 1,88 euro, ned frå 2,63 euro i 2. kvartal i fjor.
Snittet for Mowi i Norge låg i andre kvartal på 2,45 euro per kilo.

Fleire plager

I kvartalsrappirten opplyser Mowi at kostnadene per kilo fisk i Region midt auka med 15 prosent. Det måtte blant anna slaktast mykje ung fisk ved anlegget Aukrasanden på grunn av utbrot av den anemiske laksesjukdomemen ISA.
I tillegg var det problem med CMS (kardiomypatisyndrom, hjartesprekk, red. merk) enkelte stader, og i regionen var det også mykje plage med lakselus.
Mowi opplyser at lakselusproblematikken utvikla seg negativt mot slutten av kvartalet, og det vart sett i gang tiltak for å redusere problemet, inkludert at ein skulle ta i bruk nye metodar.

Gode konserntal

Heile konsernet oppnådde i andre kvartal eit operasjonelt driftsresultat på 211 millionar euro, samanlikna med 175 millionar euro i same kvartal i fjor.
- Dette var eit godt kvartal for Mowi med 26 % auke i slaktevolum samanlikna med same kvartal i fjor.
- Det var også gjennomgåande solid drift. Kostnadene fell i fleire av oppdrettsregionane. På same tid er salet av både fôr og videreforedla fisk rekordhøgt, seier konsernsjef Alf-Helge Aarskog i ei pressemelding.
Mowi rapporterte driftsinntekter og andre inntekter på 1 021 millionar euro i andre kvartal 2019, opp frå 888 millionar euro i samme kvartal 2018.

Snart sjølvfosynt med laksefôr

Totalt slaktevolum i kvartalet var 98 483 tonn (78 346 tonn).
Forventa slaktevolum for 2019 er 430 000 tonn.
Mowi Norway oppnådde eit operasjonelt driftsresultat per kilo på 2,45 euro (2,56) i andre kvartal, medan Mowi Skottland og Mowi Canada oppnådde eit operasjonelt driftsresultat per kilo på høvesvis 2,92 euro og 0,83 euro.
I tråd med selskapsstrategien om å bli sjølvforsynt med fiskefôr, held Mowi Feed å utvikle nye produkt, som ferskvannsfôr, økologisk fôr og fôr til reinsefisk.
- Den nye fôrfabrikken i Skottland starta prøveproduksjon i mai, og har nylig begynt å produsere og levere fôr til våre anlegg i Skottland. Dette er eit viktig steg mot å verte sjølvforsynt med fôr og integrere heile verdikjeda i selskapet.
- Det er også gledeleg at vi har auka produksjonskapasiteten frå 170 000 tonn til 240 000 tonn per år, seier Aarskog.
Med bakgrunn i resultata, sterke marknadsutsikter og ein solid finansiell posisjon, har Mowi-styret beslutta eit kvartalsutbyte på 2,60 kroner per aksje.

Publisert: 21.08.2019 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38