Moods of Norway flyttar til Europa
NESTEN HEIM: Trongen til å snu seg kjapt og levere nye plagg raskt ut i butikkane gjer at Moods of Norway flyttar storparten av produksjonen frå Asia til Europa. Moods of Norway-gründerane Jan Egil Flo (t.v.) og Simen Staalnacke under Næringskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta i går.
Nytt

Moods of Norway flyttar til Europa

Innan 2017 skal storparten av klesplagga til Moods of Norway lagast i Europa. Flyttar produksjon frå Asia.

18.03.2016
I 2015 skjedde 75 prosent av produksjonen til Moods of Norway i fabrikkar i Asia.
I år blir det 50/50 Asia/Europa.
I 2017 blir 75 prosent av produksjonen gjort i Europa. Moods of Norway vil ha kortare veg, større fleksibilitet og mykje raskare leveringstid. Klesindustrien kjem heim til Europa.

"Fast fashion"

- Dette er den store snakkisen i bransjen, seier Simen Staalnacke, ein av gründerane i Moods of Norway.
Store motemerke , som Tom Ford og Burberry gjer det same, flyttar produksjon attende til Vesten. Grunnen er delvis stigande kostnadar i Asia. Kinesiske fabrikkar har blitt mykje dyrare og stiller i aukande grad større krav til store volum før dei vil ta på seg oppdrag.
Men drivkrafta bak flyttinga er og ei endring i handel med moteplagg. Medan plagg før kunne visast på messer eit halvt år før dei kom i butikkane, har blant anna internett gjort at kundane ventar å finne dei i butikken dagen etter.
"Fast fashion" kallar Staalnacke og dagleg leiar Jan Egil Flo den nye trenden. Skal du tilpasse deg den har du ikkje tid til å vente i månadsvis på at plagga skal kome sjøvegen frå Kina. Det må skje fort, og då må fabrikkane ligg i Europa.
- Vi har kutta leveringstida frå fire månadar til seks veker, seier Flo om produksjon i Europa kontra produksjon i Asia.

Meir fleksible

Det er konfeksjons- og skoindustrien i land som Portugal, Italia og Tyrkia som no får påfylling med oppdrag for Moods of Norway. Trass i at industrien i dei tre landa har tapt terreng mot Kina og andre asiatiske land i fleire år er industrien og kompetansen der framleis, slik at Moods of Norway og andre har produsentar å gå til.
Å flytte heilt heim til Noreg trur Flo og Staalnacke ikkje går, rett og slett fordi konfeksjonsindustrien er borte. Her er korkje folk eller maskiner att som kan gjere jobben.
Kortare veg mellom fabrikkar og marknaden gir og større fleksibilitet. I Europa kan Moods of Norway produser til dømes ein serie på 300 plagg og droppe den dersom det viser seg at serien ikkje slår an. Det går ikkje om produksjonen skjer i Asia.

Satsar på balanse

Etter rakettvekst, solide overskudd og massevis av positiv merksemd snudde det brått for Moods of Norway. Stryne-bedrifta gjekk på sitt første underskot i 2014. 2015 kjem også til å vise minus, men i år vonar selskapet å nå eit resultat i balanse. Det fortalde Flo og Staalnacke på Næringskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta i går.
Kostbare ekspansjonsplanar i USA er lagt bort, staben er slanka og klesfirmaet satsar først og fremst på sal gjennom eigne butikkar.

Satsar på Stryn

- Vi har gjort mange feil, seier Jan Egil Flo.
Han er likevel overtydd om at dei skal klare å få Moods of Norway på beina igjen.
Selskapet har i dag 127 årsverk. På topp var det 180.
Administrasjon, distribusjon, sal, marknadsføring og design utgjer om lag 50 stillingar, som er likeleg fordelt mellom Stryn og Oslo. Stryn skal framleis spele ei stor rolle i Moods of Norway.
- Vi legg dei stillingar vi kan til Stryn, seier Flo.
Dette er den store snakkisen i bransjen

Publisert: 18.03.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54