Moltu sal etter skjema
FORSEINKA: Bustyrar Thore Heggen ventar å å få tømt fabrikkbygget på Moltustrand for utstyr, slik at salsprosessen kan halde fram.
Nytt

Moltu-sal etter skjema

Selskapet Sandanger Invest har ikkje flytta ut utstyret som står i fabrikkanlegget på Moltustranda innan fristen.

09.10.2019
Sandanger Invest kjøpte tidlegare i år deler av utstyret i fiskeindustrianlegget på Moltustranda, og hadde frist til i 12. september med å flytte ut det som framleis sto att i bygningane.
Men utstyret blei ikkje flytta ut innan fristen, og no prøver bustyrar Thore Heggen og få sett ein sluttdato for utflyttinga. Når utstyret er flytta ut kan salsprosessen avsluttast.


Konkurs

Eigedomen vart lagt ut på tvangssal i fjor. I vinter sa Innovasjon Norge, som er største panthavar i bygget, nei til eit bod på 2,2 millionar kroner. Taksten på anlegget var 5,5 millionar kroner.
Etterpå vart salet lagt på is i samband med behandlinga av konkurssaka mot eigedomsselskapet Sunnmøre Eiendom Moldtu, med Edgar Sandanger som stor aksjonær.
Sandanger, som dreiv fiskeforedling og-sal i bygget gjennom selskapet Sunsea og Sunsea Seafood (begge er konkurs), forsøkte å unngå konkurs, og ville få etablert ny drift i bygget, men vann ikkje fram i retten. I slutten av august var konkursen rettskraftig, og Heggen kunne starte arbeidet med eit sal på nytt.

1,33 millionar

Sandanger Invest er eigd av fire familiemedlemer i Sandanger-familien, tre søstre og ei niese. Selskapet kjøpte den delen av utstyret som blei lagt ut på tvangssal tidlegare i år, og namnsmannen kunngjorde at salet var gjennomført i ei erklæring 24. januar i år.
Prisen var på utstyret som var kjøpt i tvangsalet var 1,33 millionar kroner.
Kjøpet omfattar mellom anna kjøle- og frysekompressorar, amoniakktankar, røropplegg og system for distribusjon og av glykol og termalolje, røykeriomnar og røropplegg og vaskestasjonar.
Heggen sa til NETT NO i september at buet hadde fire-fem interessentar til fabrikkbygningane og anlegget på Moltustrandan. Ingen har trekt interessa, seier Heggen.


Publisert: 09.10.2019 06:00

Sist oppdatert: 15.06.2021 09:31