Mistenkt for ulovleg skattejakt
ARREST: Kleven-bygde Seabed Construction (eks Olympic Athene) er tatt i arrest på Island etter å ha gjort undersøkingar ved eit tysk skipsvrak. 
Nytt

Mistenkt for ulovleg skattejakt

Eit norsk offshorefartøy er tatt i arrest på Island mistenkt for ulovleg skattejakt på det tyske skipet Minden.

10.04.2017
Det er den islandske som opplyser at det norske offshoreskipet Seabed Construction er tatt i arest av den islandske Kystvakta, og ligg no i Reykavik.
Seabed Construction er tidlegare Olympic Athene, som vart seld til selskapet Swire Seabed tidlegare i år.

Operert frå Bergen

Det var morselskapet i Swire-konsernet, Swire Pacific Offshore i Singapore, som kjøpte skipet frå Herøy-selskapet Olympic, men det er det norske dotterselskapet Swire Seabed i Bergen som har operert skipet.
Les her:
Administrerande direktør Arvid Pettersen i Swire Seabed sa til NETT NO etter kjøpet at skipet skal marknadsførast til undervassoperasjonar verda over.
Ifølgje RÚV er det no usemje om Seabed Constructor har løyve til å drive undersøkingar ved det tyske skipsvraket Minden.

Sekt av mannskapet

Det tyske skipet vart sekt 24. september 1939, og det var mannskapet sjølv som gjennomførde sekkinga, truleg for å hindre at verdfull last fall i hendene på dei allierte.
Minden vart sekt 120 nautiske mil syvdest av Island, og ligg såleis innanfor Island si ekslusive økonomiske sone.
Det er selskapet Advanced Marine Services som står bak ekspedisjonen, og advokaten til selskapet opplyser til RÚV at ein har ein teori om at det framleis er verdfullt materiale i skipsvraket, men meiner at ein ikkje treng særskilt løyve for å gjennomføre undersøkingane.
Kommersiell koordinator Sonja Dyrdal i Swire Seabed seier til NETT NO at ho ikkje ønskjer å kommentere saka.

Publisert: 10.04.2017 13:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08