Miste lukrative kontraktar
BRØNNINTERVENSJON: Island Wellserver mister jobben med Equinor, ein jobb brønnintervensjonsskipet har hatt sidan båten var ferdig bygt i 2008.
Nytt

Miste lukrative kontraktar

Brønnintervensjonsskipa Island Wellserver og Island Frontier må finne seg nytt arbeid etter at Equinor har valt eit Røkke-selskap til dei lukrative jobbane. Også Titanic-jobben utsett.

18.05.2018
- Ja, det var triste nyheiter å få, seier adm. dir. Håvard Ulstein i Island Offshore.
Same dag som Statoil skifta namn til Equinor, inngjekk selskapet intensjonsavtale med Akastor sitt dotterselskap Akofs Offshore om brønnintervensjonstenester på norsk sokkel.

Milliardavtalar

Heilt sidan 2006 er det Island Offshore som har utført desse tenestene for Equinor, og inntektene frå brønnintervensjonsarbeidet har vore berebjelken i heile Island Offshore-konsernet.
Avtalen med Akofs Offshore er på fem år, med opsjon på tre år, og verdien er på rundt tre milliardar kroner.
Håvard Ulstein vil ikkje seie så mykje om korvidt det Røkke-kontrollerte pressa prisane mykje ned.
- Nei, det får det selskapet svare på. Ein må uansett ha djupe lommer for å operere i denne bransjen.

Oljeprishopp kan hjelpe

Ulstein har uansett ikkje gitt opp håpet om at det likevel kan kome nye kontraktar med Equinor.
- Og med ein oljepris på rundt 80 dollar fatet, så reknar vi uansett med at også andre selskap er interesserte i dei tenestene desse skipa kan utføre.
Oppstart på kontrakten med Equinor er i første halvdel av 2020, og Akofs Offshore skal utføre arbeidet med skipet Akofs Seafarer.
- Vi har arbeid for desse to skipa ut 2019, så vi har litt tid på oss for å finne nye oppdrag, seier Ulstein.

Titanic-kartlegging først neste år

Sist veke vart det også klart at Titanic-ekspedisjonen vert utsett med eitt år.
Det var selskapet Oceangate Expeditions som planla ein ti veker lang kartleggingekspedisjon av vraket av Titanic.
Island Offshore skulle bruke Island Pride til å huse ekspedisjonsdeltakarar og fungere som støttefartøy under ekspedisjonen.

Tekniske problem

Ekspedisjonen skulle utførast i sommar, der Island Pride skulle gå ut frå St. Johns på Newfoundland.
Men på grunn av tekniske problem med ein ubåt, er ekspedisjonen utsett til neste sommar.
- Dette var sjølvsagt også trasig, men dette var trass alt ein kortvarig kontrakt. No ser vi på andre mulegheiter for oppdrag til Island Pride i den perioden skipet skulle jobbe med dette oppdraget, seier Ulstein.
Trass i to dårlege nyheiter på kort tid, ser Ulstein også lyspunkt.
- Det viktigaste er at no ser oljeprisen ut til å ha stabilisert seg på rundt 80 dollar fatet. Det er dette som skal til for å få opp aktiviteten og dermed også få opp ratene.

Med ein oljepris på rundt 80 dollar fatet, så reknar vi uansett med at også andre selskap er interesserte i dei tenestene desse skipa kan utfør

Publisert: 18.05.2018 11:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22