Minus paa offshore og spesialfarty
CRUISESATSING: Cruisefarty under bygging ved Vard Søviknes. Det som tidlegare var hovudverksemda til Fincantieri-selskapet Vard, bygging av offshorefarty, lir i dag under manglande kapasitetsutnytting i følgje kvartalsrapporten for 1. kvartal frå Fincantieri.
Nytt

Minus på offshore og spesialfarty

Når 2019 er omme har Fincantieri-konsernet berre åtte farty att i ordreboka for forretningsområdet offshore- og spesialskip.

13.05.2019
Forretningsområdet omfattar det som tidlegare var hovudverksemda for Vard-konsernet, bygging av offshorefarty i oljebransjen. Forretningsområdet omfattar også bygging av mellom anna fiskebåtar og kystvaktfarty.
I år står det att heile 17 skip å levere innan dette forretningsområdet,
Neste år er det fire, og deretter er det eitt om året framover.
Forretningsområdet offshore og spesialskip hadde ei negativ utvikling i lønsemda frå 1. kvartal 2018 til 1. kvartal 2019 (sjå tabell). Fincantieri offentleggjer ikkje meir enn driftsresultatet før av- og nedskrivingar i første kvartal. Innan forretningsområdet offshorerfarty og spesialfarty blei resultatet før av-og nedskrivingar minus to millionar euro.

Vard delt i to

Vard blei eit fullt innlemma datterselskap i det italienske skipsbyggingskonsernet Fincantieri i løpet av 2018 og verksemdene i dei ulike Vard-selskap blei fordelt på to forretningsområde i Fincantieri, Offshore og spesialskip, og Skipsbygging. Skipsbygging er det største forretningsområdet og omfattar mellom anna det som i dag er det viktigaste verksemda for Vard, å bygge cruiseskip.

(Juridiske tilhøve i samband med at Vard er fullt innlemma i Fincantieri gjer at ei fiskebåt Vard byggjer for Havyard er plassert inn under forretningsområdet Skipsbygging, medan to ekspedisjonscruisesskip som blir bygd i Vietnam er plassert inn under forretningområdet Offshore og spesialskip.)

Fulle ordrebøker

I forretningområdet Skipbygging, som mellom anna omfattar cruisefarty, er ordresituasjonen langt lysare. Fincantieri har pr. i dag 50 cruisefarty og 29 militære skip i ordre.
Dei store cruiseskipa blir bygd på Fincantieri-verft, medan Vard har spesialisert seg på mindre cruisefarty, mellom anna retta mot ekspedisjonscruisemarknaden.

Publisert: 13.05.2019 12:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35