I verste fall er det snakk om nesten halvering av arbeidstokken hos seismikkutstyrsprodusenten, som i dag tel 62 personar.
Dei tilsette blei informert om nedskjeringane på eit allmøte onsdag i førre veke.
Kommunikasjonsjef Gunvor Hatling Midtbø i Kongsberg Marine skriv i ein epost til NETT NO at verksemda er tidleg i prosessen, og at det førebels ikkje er råd å seie meir enn at verksemda reknar med at mellom 20 og 30 blir råka. Ho kan ikkje tidfeste når reduksjonen i talet på tilsette er gjennomført, men seier verksemda satsar på ein "god prosess så raskt som mulig med tanke på våre ansatte."
"Kongsberg Evotec AS har opplevd fallende etterspørsel og er avhengig av en kapasitetstilpassning relaterte til det markedet de opererer i. Når markedet opplever et så markert fall som nå er det viktig med tiltak for å sikre virksomhetens lønnsomhet for fremtidig drift. Bedriften må kapasitetstilpasse seg konkurransesituasjonen og nedbemanningen er et av flere tiltak", skriver Midtbø.
- Vi er på utkikk etter nye lokale. Vi er opne for å sjå på fleire alternativ, sa dagleg leiar Jan Roger Hellerud i Kongsberg Evotec i starten av juli.
Bygget er på 4250 kvadratmeter med kontorplass til 108 personar. Utleigar er Jogeir Romstrand sitt eigedomselskap Rome. Det er fem-seks år att av leigeavtalen, i følgje Romestrand.
Kongsberggruppen kjøpte Evotec i 2011. Selskapet blei grunnlagt i Herøy i 2006 av tidligare tilsette i Hydrakraft, som starta for seg sjølv etter at Odim kjøpte Hydrakraft i 2005.
Odim vart kjøpt av Rolls-Royce Marine i 2010.
Dommen frå Sunnmøre Tingrett delt, ved at Kongsberg Evotec er dømt til å betale 95 millioner kroner i erstatning, medan Rolls-Royce Marine ikkje fekk medhald i kravet om at Kongsberg Evotech må slutte å produsere og selge utstyrspakkar til akterdekkoperasjonar på seismikkfartøyer.
Dei samla saksomkostningane er på 25 millionar kroner.
Ankefristen er ikkje gått ut og dommen er ikkje rettskraftig.
Dei tilsette blei informert om nedskjeringane på eit allmøte onsdag i førre veke.
Kommunikasjonsjef Gunvor Hatling Midtbø i Kongsberg Marine skriv i ein epost til NETT NO at verksemda er tidleg i prosessen, og at det førebels ikkje er råd å seie meir enn at verksemda reknar med at mellom 20 og 30 blir råka. Ho kan ikkje tidfeste når reduksjonen i talet på tilsette er gjennomført, men seier verksemda satsar på ein "god prosess så raskt som mulig med tanke på våre ansatte."
Markant fall
Det er oljeprisfallet og konsekvensen av det som gjer folk må slutte i Kongsberg Evotec. Det er snakk om eit markant fall i etterspørselen, i følgje Midtbø."Kongsberg Evotec AS har opplevd fallende etterspørsel og er avhengig av en kapasitetstilpassning relaterte til det markedet de opererer i. Når markedet opplever et så markert fall som nå er det viktig med tiltak for å sikre virksomhetens lønnsomhet for fremtidig drift. Bedriften må kapasitetstilpasse seg konkurransesituasjonen og nedbemanningen er et av flere tiltak", skriver Midtbø.
På flyttefot
Nedbemanninga gjer at Kongberg Evotec treng mindre plass, og NETT NO har tidligare skrive at verksemda er på jakt etter nye lokale.- Vi er på utkikk etter nye lokale. Vi er opne for å sjå på fleire alternativ, sa dagleg leiar Jan Roger Hellerud i Kongsberg Evotec i starten av juli.
Bygget er på 4250 kvadratmeter med kontorplass til 108 personar. Utleigar er Jogeir Romstrand sitt eigedomselskap Rome. Det er fem-seks år att av leigeavtalen, i følgje Romestrand.
Seismikkutstyr
Kongsberg Evotec lagar utstyr til seismikkindustrien.Kongsberggruppen kjøpte Evotec i 2011. Selskapet blei grunnlagt i Herøy i 2006 av tidligare tilsette i Hydrakraft, som starta for seg sjølv etter at Odim kjøpte Hydrakraft i 2005.
Odim vart kjøpt av Rolls-Royce Marine i 2010.
Dømt til erstatning
I starten av juni kom dommen etter ei langvarig rettsak mellom Kongsberg Evotec og Rolls-Royce Marine. Striden sto om Kongsberg Evotec hadde utnytta kunnskap frå Odim.Dommen frå Sunnmøre Tingrett delt, ved at Kongsberg Evotec er dømt til å betale 95 millioner kroner i erstatning, medan Rolls-Royce Marine ikkje fekk medhald i kravet om at Kongsberg Evotech må slutte å produsere og selge utstyrspakkar til akterdekkoperasjonar på seismikkfartøyer.
Dei samla saksomkostningane er på 25 millionar kroner.
Ankefristen er ikkje gått ut og dommen er ikkje rettskraftig.
Publisert: 17.08.2015 15:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45






