Mindre pendling gir meir jobbing
EKSTRA TID PÅ JOBBEN: Dei som har heimekontor, jobbar 42 minutt meir kvar veke, viser ei ny undersøking. 
Nytt

Mindre pendling gir meir jobbing

Vi jobbar 42 minutt meir i veka på heimekontor.

23.10.2020
NPK-NTB: Mykje av tida vi sparer på pendling, blir brukt til meir jobbing. Dei som har heimekontor, jobbar 42 minutt meir kvar veke, viser ei ny undersøking.
Ein tredel av norske arbeidstakarar har framleis mykje heimekontor på grunn av koronasituasjonen. Dei sparer i gjennomsnitt tre og ein halv time i veka på å jobbe heime i staden for å reise til kontoret, skriv .
Dei viser til ei ny undersøking frå analysebyrået Kantar og HR Noreg.
I undersøkinga svarer arbeidstakarane på kva dei bruker den frigjorde tida til. Ein femdel av tida blir brukt til å jobbe meir. Det gir 42 minutt meir arbeid per veke.
Rundt 9 prosent av tida går til fagleg eigenutvikling. Resten av tida bruker folk mellom anna til å sove lenger, til eigne fritidsaktivitetar, huslege syslar og til familien.
– Dette er ein pluss-pluss-situasjon. Mykje av tida får arbeidstakarane sjølv, og så kjem ein ekstra innsats for jobben på toppen. Rekna om til kroner og øre svarer det til om lag 7,5 milliardar i ekstra verdi for verksemda, seier dagleg leiar Even Bolstad i HR Noreg til Dagens Perspektiv.
I undersøkinga er det ikkje spurt om arbeidstakarane har fått betalt for dei ekstra timane dei har brukt på jobben.
– Det er bra viss produktiviteten aukar, men viss arbeidsinnsatsen blir auka på varig basis, må arbeidsgivarane og arbeidstakarane bli samde om korleis gevinsten av det skal fordelast. Det er grenser for kor lenge ein kan kalle det ein dugnad, seier leiar i Akademikerne Kari Sollien.

Publisert: 23.10.2020 13:13

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:17